Mediebedriftenes Landsforening og Landslaget for Lokalaviser er alt anna enn tilfredse med Posten sitt tilbod. Underforstått er det regjeringsforhandlarane på Soria Moria dei ønskjer å nå fram til med kritikken sin. Posten har fått ei friare stilling, men det er framleis staten som er eigar og den politiske leiinga samferdsledepartementet som legg føringane.
— Posten sine krav trugar eksistensen til mange aviser, og dei vil føra til ei alvorleg svekking av mangfaldet på utsalsstadene for aviser over heile landet. Me kjenner det som at Posten misbruker den dominerande stillinga si, seier Olav Bergo, som leiar forhandlingsutvalet for dei to medieorganisasjonane.
— Dette går spesielt ut over aviser som kjem berre ein gong i veka, og lokalaviser som bruker bod og andre distribusjonskanalar i lokalområdet, seier Tomas Bruvik i Landslaget for Lokalaviser.
— Kvifor skal det vera så mykje dyrare å distribuera aviser som kjem ein gong i veka, enn dei som kjem to gonger i veka?
— Det lurer me også på. Dette er Posten sin måte å rekna på. Dette er klar forskjellsbehandling, noko som me er definitivt imot. Dei skal vera klar over dette på Soria Moria, seier Bruvik.
Posten ligg under samferdsledepartementet, og pressestøtta ligg under kulturdepartementet. I medieorganisasjonane knyter det seg difor ekstra spenning til kven som vert sett til å leia desse departementa i den nye regjeringa.
Nær tredobla porto
Vekeaviser med heile landet som dekningsområde, som til dømes Dag og Tid, vil få minst ei dobling i portoen samanlikna med nå. Endå verre går det ut over fjernabonnentane til vekeaviser som bruker eigne bod eller andre distribusjonskanalar lokalt. Dei vil få nær ei tredobling av portokostnaden for den delen av distribusjonen posten tek seg av. Vestavind i Sveio kjem i denne kategorien.
Tysvær Bygdeblad vert ikkje fullt så hardt råka, av di dei brukar Posten til all distribusjon.
— Det ville ha fått store utslag også for oss dersom me ikkje hadde brukt Posten på alt. På all lokal distribusjon får me ein oppdragsbasert pris. Eg trur nok me vil koma til å halda oss til Posten til me ser kva som skjer, seier Irene Stuhaug Ørke, som er dagleg leiar i vekeavisa i Tysvær Bygdeblad.
Grannar kjem ut to gonger i veka, og hamnar difor i ein annan kategori. Sjølv om avisa snart går over til annan distribusjon i primærområdet, kjem Grannar etter måten godt ut av dei føreslegne endringane. Dette opplyser generalsekretær i Landslaget for Lokalaviser, Rune Hetland, som er tidlegare redaktør i Grannar. Også Hetland var oppteken av å nå fram til regjeringsforhandlarane på Soria Moria med gårsdagens pressekonferanse.
— Før eller seinare må politikarane gjera noko. Dei må ta vare på avismangfaldet. Posten kan ikkje berre ha som oppgåve å tena pengar, meiner Hetland.