Portrett på timeplanen

— Å finne den rette stemninga er viktig. Eg har blant anna tatt portrett av […]

— Å finne den rette stemninga er viktig. Eg har blant anna tatt portrett av ei venninne og var ute etter å få fram varme fargar i bildet, forklarer Astrid Øverland frå Sandeid.
Det handlar sjølvsagt om linja for medie- og kommunikasjon på Lundeneset. Der er det til saman er 32 elevar som har formidling gjennom ord, bilde og lyd som hovudinteresse.
Gav meirsmak
Å arbeide intenst med portrett i to veker har gitt meirsmak for elevane på grunnkurset. Å sjå resultata i eiga utstilling gir litt ekstra.
Andreas D. Johannessen frå Haugesund har alt bestemt seg for at han skal satse på fotografi som yrkeskarriere.
— Foto er noko av det kjekkaste vi driv på med. Gjennom dette prosjektet med portrett har eg gjort mange forskjellige ting for å prøve ut lys og kontrastar. Det er noko anna enn å sitje framfor datamaskina, fortel han.
Astrid Øverland hallar meir i retning design, medan Martin Næss frå Nittedal aller helst vil arbeide med bilde i rørsle i film. Dersom det ikkje blir yrket i framtida, vil det i alle fall bli ein sentral hobby.
— Mitt mål var å få fram ei kjensle i bildet, eit uttrykk i ansiktet, forklarer han.
Krevjande sjanger
Det viste seg at det var ingen lett jobb å lage ti portrett som dei var tilfredse nok med til å levere frå seg.
— Det var ganske krevjande og var vanskeleg å sitje igjen med ti bilde etter ei kritisk vurdering av dei eg hadde tatt. Ein tar mange bilde for å få eitt som er brukande, seier Astrid Øverland.
Men så er elevane langt meir kritiske enn den vanlege albumfotograf, og har fått ein god del teoretisk ballast før dei starta jakta på det gode portrettet.
— Det er ein del bilde her som er veldig bra med tanke på at dette er elevar på grunnkurs. Det er motiverte elevar som er lette å fyre opp. Det ligg masse arbeid bak denne utstillinga, seier Per Sigmund Bukkholm, faglærar på medie- og kommunikasjon.
Bli brukt
Interessa for å gå på denne linja på Lundeneset er stor. Og med 17 elevar på det vidaregåande kurset, har dei tatt inn eit par elevar ekstra på VK1. Neste år blir det også eit tredje år for dei som ikkje går ut i lære, men vil skaffe seg studiekompetanse direkte.
— Vi er opptatt av å få kontakt utanfor skulen slik at elevane kan sjå at arbeidet deira kan brukast, i til dømes næringslivet. Elevar har hatt oppdrag med å ta opptak av samanslåingsmarkeringa for Vindafjord. Det skal dei redigere til ein film for kommunen, fortel Bukkholm.
Elevane får ei brei plattform der det i første omgang handlar om å lære litt om alt i mediesjangrane, som lyd, foto og video, trykte media, grafisk design og webbaserte løysingar på internett.
Denne gongen var det fordjuping i portrett, så enkelt og reinskore, men likevel så vanskeleg å få til det vesle ekstra.