Nordmenn går for tida på kino som aldri før. Første halvår i år er tala på landsbasis 17 prosent fleire kinobesøk enn same periode i fjor. Også på Etne Kino har auken vore stor.
— Me har 2000 fleire besøkande til nå enn det me hadde til same tid i fjor, seier ein nøgd kinosjef, Berit Rafdal. Særleg barne- og familiefilmar har trekt besøket opp, men også fleire norske filmar gjer det bra. Den mest populære filmen er «Istid 2», som er sett av 866.627 personar over heile landet. Også i Etne er det den beste publikumsfilmen.
— Det vart nesten rekord med «Istid 2». Kring 2400 har sett filmen i Etne, noko som slår «Titanic» og nesten «United», seier Rafdal.
Noregspremierar
For dei mindre kinoane viser det godt igjen på besøkstala når ein får noregspremierar. Etne Kino har i år hatt to noregspremierar, og den tredje står for tur i morgon. «Istid 2» var årets første premiere på lerretet i Etne, og på grunn av dei gode besøkstala på filmen, fekk dei også premiere med oppfølgjaren til «Pirates of the Caribbean».
— Det betyr mykje for oss å få tildelt noregspremierar. Til fleire besøkande me har, til fleire premierar får me, seier Berit Rafdal. Ein kvote med noregspremierar vert tildelte etter prioritering for kva kinoar som gjer det bra.
I morgon står «Pusur 2» klar som den tredje noregspremieren på Etne Kino, og Rafdal håpar folk møter opp. Det sikrar moglegheitene for å få enda fleire noregspremierar.
Premiert med ny noregspremiere
Nordmenn går for tida på kino som aldri før. Første halvår i år er tala […]