Festivalsjef Alf Warloe Christophersen kallar det nye tiltaket til bluesfestivalen for både pris og stipend. Stipendet er resultat av eit samarbeid med Posten.
Bluesfestivalen er ti år, og stipendet er ein del av markeringa.
Blues, soul og rock
— Unge framstormande utøvarar eller grupper er aktuelle til å få stipendet. Sjangeren er blues, rock og soul, i same gate som bluesfestivalen, seier Christophersen. Det er ein open pris der alle kan delta.
— Det er berre å sende inn ein cd med smakebitar på det dei er gode for. Ein jury vil vurdere kandidatane og velje ut ein prisvinnar. Så enkelt er det. Det er berre å gire opp trommestikkene, gitarane og stemmene og sende inn eit bidrag. Ti tusen kroner er no litt for musikarar i startfasen, seier festivalsjefen.
Utdelinga skal skje festivallaurdagen ved House of Blues.
Frå distriktet
Det andre kriteriet for å vere aktuell, er at kandidatane er frå Etne eller Vindafjord. Det er eit lokalt stipend som dermed gjer at terskelen for å få det ikkje treng å vere så høg. Han kallar det ein ungdomspris.
— Det er viktig å gje dei som arbeider med musikk ei vitamininnsprøyting. Det er vårt bidrag for å stimulere rekruttering i musikkmiljøet, både blues og andre sjangrar.
Kulturskulane er gode rekrutteringsarenaer for musikk i distriktet, og han ser for seg at der kan vere fleire aktuelle kandidatar til stipendet.
Fast stipend
Stipendet skal bli eit årleg innslag på festivalen. Seinare år kan det bli aktuelt å utvide geografien, og bluesgeneralen har fleire idear for å engasjere unge musikarar.
— Live-scene der kandidatane får spele kan vere ein måte å gjere det på. Ein annan måte er å trekkje inn musikarar som yngre kan lære av på festivalen. Det er innslag i festivalen vi vil vurdere seinare år, fortel han.
Christophersen har sjekken klar til årets stipend, og no håpar han dei får inn mange cd-ar med musikk frå enkeltutøvarar eller grupper i distriktet.
— Det er ikkje så lang tid igjen, men det er ganske enkelt å få spelt inn musikk på ein cd i dag, seier Alf Warloe Christophersen.