Prisa av Grannar

Overrekkinga av prisen skjedde på Vindafjord Høyre sitt årsmøte i Sandeid onsdag kveld. Redaktør Arne […]

Overrekkinga av prisen skjedde på Vindafjord Høyre sitt årsmøte i Sandeid onsdag kveld. Redaktør Arne Frøkedal overrekte sandeidkvinna Elise Tokheim ein litografi av kunstnaren Rolf Nerli frå Siljan ved Skien. Nerli er kjent som kunstnaren bak diploma som i 2008 gjekk til finske Martti Ahtisaari.
Kunstverket har tittelen «Den blå timen» og viser eit norsk landskap i tidleg skumring med ein stor stein for forgrunnen og ei djupne som opnar for funderingar.
Prisvinnaren uttrykte stor glede over å få denne heideren. Tokheim har i tillegg til eit langt lokalpolitisk liv, engasjert seg breitt i nærmiljøet både for folk og kultur gjennom mange år.
76-åringen vann Grannar si leserkåring i sterk konkurranse, blant anna med Hans Haugland, Ølen og Brit Ohm i Nedre Vats.
Les portrettintervju med prisvinnaren i torsdagens papirutgåve av Grannar.