Debatten om dette grunnlovsforslaget for vel eit år sidan var positiv. Trass i at berre nokre få representantar utanom KrF til slutt røysta for forslaget bar likevel debatten i seg ein respekt for livet, for menneskeverdet og for mangfaldet. M.a. hadde SV hadde eit flott engasjement i debatten.
Difor er det dobbelt så nedslåande når SV sitt landsmøte så tydeleg no går i motsett retning, for å koma sin potensielle regjeringspartnar i møte Arbeiderpartiet. Frå før visste vime at Ap vil ha lovaer som opnar for å forska på befrukta egg, og no har dei fått SV med seg. Landsmøtet i SV gjekk også inn for å utvida grensa for fri abort til 16 svangerskapsveke. Dette er to store skritt i retning av sorteringssamfunnet.Landsmøtet gav også tydelege signal om ei sterk liberalisering av bio-og genteknologilovgjevinga. SV sin potensielle regjeringspartnar, Arbeiderpartiet, gir også tydeleg signalSvarar Ap sitt landsmøte med å koma SV i møte her i same lei? I så fall har vi teke to store skritt i retning sorteringssamfunnet..
Her er det grunn til å ropa eit høgt varskuo! Dette dreier seg om dei mest viktige og grunnleggjande verdiar som livsvern og menneskeverd!
Når eit foster er 16 veker nærmar det seg ikkje berre halvgått svangerskap, men det nærmar seg også tidspunktet for ultralydundersøking som alle gravide får tilbod om. Berre ei veke seinare vert terminen fastsett, det vert sjekka at utviklinga går som den skal – og fødselsførebuande tiltak startar.
Ein dryg månad seinare gjer fødselshjelparar alt dei kan for å redda for tidleg fødde born. Stadig yngre born vert redda. Dei overlever utanfor mor si livmor, takka vere hjelp av ny teknologi og vitskapen. Korkje før eller seinare er dei ein del av kvinnekroppen. Tvert om er dei sjølvstendige individ som treng vern!
Kombinasjonen av ei liberalisert bioteknologilov og ei utvida abortlov fører oss i retning av sorteringssamfunnet. Det vert endå større fokus på å sortera bort ufødde menneske med meir eller mindre alvorlege lyte eller misdanningar. Det skal ikkje så stor fantasi til å tenkja seg korleis dette følaest for fødde menneske med tilsvarande «”lyte»”.
Me har etter kvar blitt uhyggeleg snevre i definisjonen av kva som er «”vellukka»” eller «”lytefritt»”. Ikkje skjeldan slår det meg at nettopp dei som ikkje er så «”vellukka»” eller «”lytefrie»” er dei som har den største evnaen til å gle seg over livet, og til å gje kveik og oppmuntring til andre.
Difor treng me lovgjeving som gjev vern om retten til liv! Me treng lovgjeving – og ikkje minst haldningar – som løfter fram og opp ekte menneskeverd! Og me treng eit samfunn som har plass til det sprudlande mangfaldet!
Ei av dei sterkaste opplevingane mine i seinare tid er møtet med to foreldre med kvart sitt barn med Downs Syndrom. Med entusiamsme og inderleg glede fortalde dei om desse borna! . Om sigrar og nederlag! . Om born som sjølvsagt er like verdifulle og kjære som søskena sine. Men eg ante også smerten smerta når dei fortalde om ulike andre opplevingar. Opplevingar og reaksjonar som nok var heilt utilsikta, men som likevel kjendest som kvasse piler av is.
Liberalisering av bioteknologilova og utviding av abortlova fører oss eit langt steg nærare sorteringssamfunnet. Me vil ikkje dit. Sorteringssamfunnet er iskaldt!
Me vil gå i motsett retning: Retten til liv må grunnlovsfestastgrunnlovsfestast. Det fører oss i retning av styrka menneskeverd, raust mangfald og varme!
Ingebrigt S. Sørfonn,
stortingsrepresentant KrF