Privat reguleringsplan i Skånevik

Og dertil set i gang eit ressurskrevjande reguleringsarbeid for Peparen – Skålnesstranda. Arealet er nå […]

Og dertil set i gang eit ressurskrevjande reguleringsarbeid for Peparen – Skålnesstranda. Arealet er nå regulert til trafikkområde, småbåthamn og byggjeområde industri. Der står nå to gamle industribygningar som for lengst er utgått på dato.
Utdrag frå reguleringsforslaget:
«Ein ønskjer ei relativt tung utnytting av området, til bustadformål». (Fritidsbustader?). «Området vil få eit urbant prega miljø ved sjøkanten». (Urban: bymessig, typisk for byar). «Med snitt pr. husvære på 80-85 m2 vil området kunne gje plass til mellom 10-16 husvære alt etter kva ein finn hensiktsmessig og regningssvarande under vidare prosjektering og planlegging». (Økonomisk. Plass til 40-64 personar. 10-16 bilar til og frå er ikkje nemnt). «Område for konsentrert busetnad». «Innanfor område A kan det førast opp bygningar med høgd målt frå møne til gjennomsnittleg terrengnivå ved veggliv på 13 m. Tilsvarande høgd for område B er sett til 9 m.». (Eit hus på 13 m høgd tilsvarer fire normale bustadhøgder pluss sokkel og loft!).
Utdrag frå Etne kommune sine byggjeføresegner. Ferjekaien i Skånevik. §2, pkt 4:
«Nybygg og endringar på eksisterande bygg skal ha ei utforming som passar inn i det kringliggjande bygningsmiljøet og skal kunne reflektere nærleiken til sjø. Samanhengen med det tradisjonelle trehusmiljøet i Skånevik skal ivaretakast ved utforming av eventuelle nybygg. Takutforming for alle bygg i området skal vera saltak, dekt med takstein eller skifer. Anna takuforming kan vuderast ved særs høg arkitektonisk kvalitet på bygget. Fargevalet på alle bygg skal vera tilpassa eksisterande tradisjonell bygningsstruktur i Skånevik».
Det kringliggjande bygningsmiljøet og det tradisjonelle trehusmiljøet i Skånevik er i dette området representert ved Kathinka-huset, Olava-huset og Brendeland sine to bustadhus. Desse fire bustadhusa er i ein moderat storleik oppførde av tre i 1 1/2 etasje. Industri- og lagerbygningane på Trelast-tomten er oppførde i moderate høgder og ligg utanfor synsfeltet frå Toflebrekko. Dette er nærmiljøet til det arealet som det er søkt om reguleringsendring for.
På grunnlag av ovannemnde utdrag frå søknaden og frå kommunale byggjeføresegner, burde prosjektet vore avvist utan handsaming. Vanlege bustader i bygda er på maks. to høgder. Den høge utnyttingsgraden reflekterer truleg økonomien i forslaget.

Jon H. Vannes