Både menn og kvinner i alle aldrar kom til det populære moteshowet i idrettshallen laurdag. Sjølv om ikkje alle hadde bryllaupstankar i hovudet, var det mykje anna å få med seg.
Det heile byrja med hårshowet. Det var Skånevik frisør, Hildes frisør og Duo frisør som viste modellar med det siste på hårfronten. Etter presentasjon av hårfrisyrane, var det Alfee sin tur til å vise siste nytt frå butikken sin. Modellane i sine flotte frysyrar hadde mykje fint å visa fram.
For å få eit slikt show perfekt, må ein også ha ein god konferansier. Alf Warloe Christophersen var ikkje beskjeden og fekk med sine gode replikkar publikum til å trekkje på smilebandet. Kveldens overrasking var eit sminkeshow frå Åshild Sævereid og Evelyn Bøthun. Desse to hadde sminka opp modellane sine, der Sævereid stod for make-up og Bøthun viste eit eige sminkemerke med namnet Volare.
Populært brureshow
Etter ein god pause med loddsal og ein smakebit på kaker og litt kaffi, var det klart for det alle venta på; brureshowet. Heile seks brurer, to brudgommar og ei brurepike stilte i den flottaste brurestas. Alle brurekjolane og tilbehør var leverte av Auds Brudesalong i Haugesund. Prikken over i`en var all blomsterpynten frå Skånevik blomster og gaver.
— Me har jobba i fleire dagar med desse blomstene, sa Linda Bøthun frå blomsterbutikken. Ho hadde saman med mor si Gro Åsheim Bøthun og Anette Skålnes stått for blomsterpyntinga. Linda Bøthun hadde ansvaret for bruredelen av arrangementet, og var godt nøgd med det som vart framførd.
— Nå håpar me at det er mange unge par som vil gifta seg, seier ho og smiler. Ho er også godt fornøgd med modellane sine som kom frå Skånevik, pluss dei to som kom frå Vats og Ølen. Ho vil også takke alle som har stilt opp heilt gratis med å få i gang showet, både bak og på scenen.