Mykje skuldast nye grupper, som narkotika, legane sin ukunna, utskriving av piller, innvandrarar med sterke traumer etter tortur, krigshandlingar, valdtekt og drap.
Dessutan fører ofte skilsmisse, arbeidsløyse, stort arbeidstempo og stress på arbeidsplassen til meir psykiske lidingar.
Det har alltid vore psykiske lidingar, men dei siste åra har dei eksplodert.
Noko er arveleg og ligg latent i genene. Noko skuldast innavl i eldre tid, jamfør kongerekkene i Europa, kor det var mykje slektskap og sinnssjukdom.
Me står nå føre ei TV-innsamling, kor overskotet skal gå til psykiatrien. Dessverre har ca 60 prosent gått til administrasjon og tellemannskapen. Ved fjorårets TV-aksojn tok DNB 26 prosent for å administrere og telje pengar på givarkontoen. DNB tener så godt at dei kunne gjera dette gratis som sitt bidrag.
Ole Stene