Punktum finale med prisar i fleng

Persongalleriet frå Vindafjord kommune si politiske historie kom sigande til festmarkering og gravøl i Sandeid […]

Persongalleriet frå Vindafjord kommune si politiske historie kom sigande til festmarkering og gravøl i Sandeid samfunnshus. 41 år er ingen høg alder for ein kommune, og aktørane frå samanslåinga i 1964 og fram til i dag, var på plass for å markere slutten for gamle Vindafjord.
Blant æresgjestene var åtte av politikarane som sat i det første kommunestyret i 1965 etter at kommunane Skjold, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland vart slått saman året før.
Skeptiske veteranar
Storsalen i samfunnshuset var dekka opp til festmat på tre langbord der 41 års levande kommunehistorie benka seg.
— Det var ein flott fest, og tilbakemeldingane frå gjestene var gode. Det er slik vi feirar på landsbygda, med dekka langbord brus og kaffi. Og mange gode historier sjølvsagt, seier ordførar Reidar Håvås etter at festen er vel i hamn.
Meiningane om ekteskapet med Ølen var bokstavleg tala delte i Vindafjord. Det var kvelden for dei gode minna, men veteranane i gamle Vindafjord la på ingen måte skjul på at skepsisen til samanslåing heng tjukt på også i dag.
Blant skeptikarane er mangeårig og eldste gjenlevande ordførar, Trygve Mikal Viga, og rådmann i over eit kvart hundreår, Ottar Andreassen.
— Dette med samanslåing ligg i tida, men eg har ikkje tru på at ting blir betre av den grunn. Men det er ikkje i dag noko som tilseier at det nye kompaniskapet ikkje kan bli godt, seier Viga til Grannar.
Han var ordførar i 12 år frå 1976 og ut 1987.

Ein pose lutefisk
Ordførargalleriet som var med på å setje punktum for gamle Vindafjord var Trygve Mikal Viga, Signy Rønnevik, Oddvar Haugland og Reidar Håvås. Etter at prisar var delte ut, pinnekjøtet fortært, var det talar og historier i lange banar.
Kveldens kåsør var Erik Grønnestad, tidlegare varaordførar og med fleire periodar bak seg i formannskap og kommunestyre. Med eit humoristisk skråblikk tok han også for seg den gamle striden mellom bygdene.
— Det var eit syn å sjå på listene ved valet. Det var gildt å stryke såg det ut til. Det handla om å gjere eit best mogleg kupp. Vi kunne det i Sandeid òg, men vi fekk aldri ordføraren, sa Grønnestad.
Vindafjord hadde nesten Noregs-rekord i å vere seint ute med ungdomsskule. Striden handla om kor skulen skulle vere.
— Vi fekk til slutt fire ungdomsskular. Det var Vindafjord, og det var eit godt prosjekt.
Grønnestad kvitterte for Viga sin innsats med å gi han ein berepose med lutefisk.

Tjoren til Kalstveit
Festleiar Åsmund Kalstveit sin ungdomsiver og venstrevind var også tema. Viga slengte eit kutjore i bordet til den tidlegare sosialisten som har søkt hamn i Senterpartiet. For 20 år sidan la Kalstveit og kumpanar kutjoret på trappa til Viga med klar melding på smørpapir om at han hadde vore tjora til ordførarstolen lenge nok.
Viga fortalde også om firarbanden frå 1980-talet, der varaordførar Endre Wannberg, skulesjef Peder Lundegård, rådmann Ottar Andreassen og Viga sjølv, bestemte det som skulle bestemmast. Firkløveret hadde eit aldri så lite jerngrep.
Med historiene går også gamle Vindafjord kommune over i historia. Gravølet var etter det aller siste kommunestyremøtet i gamle Vindafjord på tysdag.