Quartfestivalen

Endre Heggen hadde eit innlegg der han forarga seg over Quart-festivalen. Nei, min gode Endre, […]

Endre Heggen hadde eit innlegg der han forarga seg over Quart-festivalen. Nei, min gode Endre, du lever i eit århundre for tidleg og ikkje i data-, mobil- og parabolverda. Dei fleste heimar har parabol og eg har vore i mange heimar der foreldrene er bortreiste og borna sit og ser på porno heile kvelden og natta. På parabolen er det tusenvis av pornokanalar, særleg i Austeuropa, Midtausten og fjerne Austen. Dessutan har alle ungar frå 5 år og oppover mobiltelefon med kamera og alle ungar er spesialistar på SMS og å chatte på internett. Dei kontaktar pedofile menn og med mobilen fotograferar dei nakenbilde av seg og jentene fotograferer seg sjølve nakne og avtalar treff med desse mennene.
Dessutan må du ta ein tur på naturiststrendene i Noreg, der born og foreldre må vera nakne for å koma inn. Den næraste stranda er Sola på Jæren.

Ole Stene