Rådhus i gamle sjukeheimen

Tid og pengar er blant dei mest avgjerande årsakene til at den tidlegare sjukeheimen i […]

Tid og pengar er blant dei mest avgjerande årsakene til at den tidlegare sjukeheimen i Ølen skal huse ordføraren og rådmannen med stab i den nye kommunen. Det er ikkje lenge sidan Vindafjord-ordførar Reidar Håvås konkluderte med at Eiotunet ikkje er eigna til å bli det nye rådhuset for den samanslåtte kommunen.
Fleire i det politiske toppsjiktet konkluderte med at den nye kommunen måtte koste på seg noko meir funksjonelt og representativt.
Prislapp skremmer
Etter den første informasjonen om rådhus frå prosjektleiar Helge Thorheim, der eit nybygg hadde ein prislapp på 50 millionar kroner, fekk pipa ein annan lyd. Alle stod bak vurderinga om at det er uråd å presentere ei rekning på mellom 30 og 50 millionar kroner alt før kommunane er slått saman, når veljarane sa ja til samanslåing for å spare pengar.
— Desse 50 millionane har nådd ut på bygda. Men det har aldri vore eit forslag frå vår side å byggje eit rådhus med denne prislappen. Det kom fram i ei orientering til fellesnemnda der dette var ein tenkt prislapp ut frå Statsbygg sine tal for nybygg. Momentet i intensjonsavtalen mellom dei to kommunane om å nytte eksisterande bygningar er viktig å følgje opp, seier Helge Thorheim, prosjektleiar og komande rådmann i nye Vindafjord.
Mellomstasjon
Vurderingane hans i rådhussaka har fått tilslutning frå fellesnemnda for dei to kommunane. Det inneber at det ikkje er endeleg avgjort om Eiotunet skal vere permanent rådhus for den nye kommunen. Spørsmålet om rådhus skal vurderast på nytt slik at det nye kommunestyret etter 2007 skal få rådhussaka på bordet sidan det er det første kommunestyret som skal sitje i fire år. Rådmannen skal lage ei utgreiing om lokalisering av rådhuset på lang sikt. Med andre ord kan Eiotunet bli ein mellomstasjon.
— Ein treng tid for å finne ei permanent løysing. Det er kort tid til januar 2006 og Eiotunet er den beste løysinga i den horisonten. Det kan godt hende det viser seg at Eiotunet er den beste løysinga også når vi skal vurdere fleire alternativ på litt lengre sikt, seier Thorheim.
Ventar på ministeren
Prosjektleiaren meiner det uansett ikkje er bortkasta pengar å bruke inntil ti millionar kroner på Eiotunet for så om tre-fire år bestemme seg for eit nytt rådhus.
— Vi kan tilrettesleggje for etterbruk av bygningen, og kostnaden blir ikkje berre for dei 4-5 åra rådhuset er i Eiotunet. Det er langt frå bortkasta pengar om det framtidige valet blir ein annan bygning, seier han.
Nye Vindafjord kommune har enno ikkje fått svar på kor mykje kommunalminister Erna Solberg vil betale for samanslåinga. Av eit budsjett på rundt 40 millionar kroner skal ti millionar kroner gå til å skaffe den nye kommunen rådhus.
Også ombygging og fornying i den gamle sjukeheimen vil bli avgjort av kor mange millionar Erna Solberg er villig til å bla opp. Det vil også avgjere kor presentabel og funksjonelt Eiotunet blir til rådhus.
Private
I alt fire alternativ for rådhus i nye Vindafjord er vurdert. Dei fleste vart forkasta fordi dei vil medføre store kostnader på eit tidleg tidspunkt i samanslåinga. I tillegg vil det bli problem å bli ferdig i tide.
Desse alternativa er dagens kommunehus i Ølen, eit nybygg der tekniske etat er i dag, eller å byggje nytt i fellesskap med andre aktørar i andre delar av sentrum. Det har banka på døra næringslivsaktørar i Ølen som har ønskt å investere i eigedom, men den hansken blir altså ikkje tatt opp i første omgang.