Rådmann gjekk på dagen

Ordførar Amund Enge og rådmann Marit Elise Mølstre har diskutert avgangen i nesten to veker […]

Ordførar Amund Enge og rådmann Marit Elise Mølstre har diskutert avgangen i nesten to veker før den endelege sluttavtalen vart signert i går. Der har Mølstre fått ei etterlønn med seg med vilkår om å slutte på dagen.
Formannskapet gav Enge fullmakt til å forhandle fram ein sluttpakke der rådmann Mølstre sa takk for seg etter over ni år i toppjobben i Etne kommune.
Usemje om kurs
Både Enge og Mølstre har den same versjonen av kvifor rådmannen sluttar, noko som er ein del av avtalen mellom dei. Det skal vere usemje om korleis ein skal drive kommunen vidare som er årsaka. Rådmannen er med andre ord på kollisjonskurs med ordføraren og formannskapet om kor vegen går vidare. Denne usemja skal ha kome fram i ein sparekampanje formannskapet arbeider med for å kunne betale ned meir gjeld.
— I eit slikt tilfelle er det enkelt å avgjere kven som må slutte. Politikarane er valde, det er ikkje eg, seier Mølstre.
Men verken rådmannen eller ordføraren vil utdjupe kva denne usemja går ut på.
Sluttløn
At partane ikkje vil seie noko om substansen i at rådmannen går, vil gi næring til spekulasjonar om at det er fleire årsaker til at Mølstre takkar for seg etter initiativ frå formannskapet og ordføraren.
— Eg har ikkje noko anna å seie enn det vi er samde om å gå ut med. Vi har fått til ein ryddig avtale. Vi fann tida mogen for ei slik løysing, seier Enge.
— Når vi er ueinige er dette rette løysinga. Noko ut over det vil eg ikkje kommentere. Med den avtalen eg har fått om etterlønn, har kommunen handla ryddig og greitt, seier Mølstre.
Kor mykje kommunen pungar ut med blir lagt lokk på førebels. I følgje ordføraren blir det opp til formannskapet å gi klarsignal om at denne delen av avtalen kan bli frigitt. Mølstre har truleg minst fått halvanna årslønn med seg sidan ho sluttar på dagen.
Kofferten pakka
Den 28. juni gav formannskapet ordføraren fullmakt til å forhandle om ein sluttpakke for Mølstre. Men rådmannen si stilling har vore eit uoffisielt tema i lengre tid. Mølstre seier ho ikkje har fått signal om at hennar stilling har vore tema. Ho avviser også samarbeidsproblem med ordføraren. Enge er ikkje interessert i kommentere spørsmål om samarbeidet mellom politisk og administrativ topp har fungert.
Både det at ordførar Enge i dei fleste offentlege samanhengar har assisterande rådmann Elling Hetland med seg, og at Mølstre på grunn av ei rygghistorie i fjor sommar var sjukmeld i nesten eit halvt år, har ført til snakk om at Etne har to rådmenn.
Enkelte har oppfatta det slik at Mølstre meir eller mindre har hatt kofferten pakka, og at det gjorde ein sluttpakke aktuell. Ho har i dei seinare åra søkt på fleire jobbar i Haugesund.

Informerte i går

— Eg har ikkje fått signal om at det var eit problem at eg søkte andre jobbar. Eg har ein god del år i Etne, og det er ikkje til å leggje skjul på at det er langt å pendle frå Haugesund sjølv om eg har trivst med å arbeide i Etne, seier Mølstre.
Mølstre kom til Etne som helse- og sosialsjef i 1992. Tre år seinare tok ho over rådmannsjobben etter at Arild Karlsen gjekk til direktørjobb i Høgskolen Stord-Haugesund.
Mølstre har ingen jobb å gå til etter at ho rydda kontoret sitt i går.
— Først skal eg på ferie til Frankrike. Deretter får eg vurdere om eg skal søkje ny jobb eller ta etterutdanning, seier Mølstre.
Kollegaene i kommunen vart informerte om avgangen på eit møte midt på dagen i går.