Rasjoneringstid

Om vinteren fekk dei som arbeidde i skogen ekstra tildeling av sardinar og tørrmjølk. Det […]

Om vinteren fekk dei som arbeidde i skogen ekstra tildeling av sardinar og tørrmjølk. Det som var rikelig av, var sild og poteter og kålrot, gulrøtter og andre rotvekster. Når bordet var dekka med kokt eller steikt sild og du kom inn med ein tom mage, så smaka det godt. Og det gav nye krefter i sliten kropp.
Alt som ein kalla for snop, fekk me ikkje smaka før krigen var slutt.
Når jula var komen var det mykje som mangla på bordet, av dei sortane me var vante å ha. På bondegardane var det streng kontroll med alt du hadde på garden av dyr og alt anna. Her var kontrollør som gjekk rundt og såg til at alt gjekk rett føre seg. Men stundom gjekk det an å lura dei.
Brødmaten fekk me lite av, og den hadde dårleg kvalitet. Stort sett så klarte me oss bra så lenge krigen varte, men det var vel oss som var på landsbygda som hadde det best.
Men så vart krigen slutt og då vart det bra for oss alle.
Det var jordbruket og fisket som berga livet vårt, og det må vi ta vare på i framtido.

Ingvald Åsheim