— Me jobbar hardt for å komma i mål på rette sida også i år, men inntektene resten av året er avgjerande, seier rådmann Elling Hetland i Etne kommune.
Det største avviket i budsjettet står Etne omsorgssenter for. Dei har brukt 1,5 millionar meir enn det som var budsjettert i denne perioden.
— Litt av forklaringa her ligg i at Etne omsorgssenter ikkje har fått budsjettmessige effekt av endringar i organisasjonen. Det skuldast både at prosessen og vedtaka har teke lengre tid enn forventa, seier Hetland.
Rådmannen og staben for Utvikling har begge til no brukt 1,5 millionar mindre enn det som er budsjettert, men her vil utgiftene auke sidan ein del midlar ikkje er delte ut.
Betre skatteinngang
Truleg vert baksmellen i kommuneøkonomien enda større når rådmannen og staben for utvikling har betalt rekningane sine, står det i rapporten. Men om utgiftene er større, har også skatteinngangen vore betre enn forventa. Dermed er det uvisst korleis rekneskapen ser ved slutten av året.
— Det er vanskeleg å seia no kvar me endar, men det kan i dag sjå ut som at det vert ein liten minus. Men me jobbar som sagt for å komma på rette sida, seier rådmannen.
Raude tal i Etne
— Me jobbar hardt for å komma i mål på rette sida også i år, […]