Råvarer frå Bjoa

— Ein ny trend der gjestene vil vite mest mogleg om kva dei et, er […]

— Ein ny trend der gjestene vil vite mest mogleg om kva dei et, er i ferd med å utvikle seg slik at det må takast på alvor. Ja, dei vil nesten vite i kva fjordarm fisken er fiska, fortel dei to kokkane, Roger Malmin og Frode Selvaag.
Internasjonalt
Roger Malmin er kjøkkensjef og Frode Selvaag er souschef på Craigs Kjøkken og Bar i Stavanger.
Men begge har brei bakgrunn frå kokkyrket. Roger Malmin er frå Sandnes. Han var noregsmeister i kokk-kunst i 2002, og har jobba på Gastronomisk Institutt og Bagatelle i Oslo. Frode Selvaag kjem frå Sandeid. Han har også jobba på Gastronomisk Institutt, pluss at han har jobba ved den Kongelege Norske Ambassade i Washington DC. Hausten 2004 hadde han eit tre månaders studieopphald i Italia.
Steinslands Kjøtt
Sist onsdag hadde dei to tatt turen til Bjoa, saman med prosjektleiar i «Kortreist mat» ved landbruksavdelinga hos fylkesmannen i Rogaland, Tarjei N. Kristiansen. Her møtte dei Inga Steinsland på garden hennar på Steinsland. Der fekk dei orientering i kva som rører seg bak hennar nystarta firma Steinslands Kjøtt.
Under eit velsmakande måltid, der salta og røykt lammekjøt sjølvsagt stod på menyen, fortalde Inga Steinsland om sauedrifta på garden. Og kokkane fekk nesten ikkje vite nok om råstoffet dei var interesserte i. Kunnskap dei seinare skal formidla til svoltne gjester i Stavanger.
— Det er svært viktig å ha historia bak råstoffet, seier dei.
Blant anna vekkjer det interesse blant kokkane når dei får vite at sauene frå Steinsland går på sommarbeite på Hardangervidda i to månader om sommaren. Dei veit at friskt fjellgras gir godt kjøt.
— Då er sauane på ferie og beitar i området rundt Hardangerjøkulen. Det tek fem timar å gå inn med dei, men det er vel verdt turen for både sauene og følgjesveinane, seier Inga Steinsland.
Sauedrifta på garden består i dag av om lag 300 vinterfôra sauer. Dette er i hovudsak pels- og ryggjasau.
Inga Steinsland fortel at sauene går ute nesten heile året.
— I vinterhalvåret kjem sauene inn berre om natta og når dei får mat. Dette betyr mykje for at dei skal halde seg i form, noko som har mykje å seie under lamminga.
Kortreist mat
Prosjektleiar Tarjei N. Kristiansen i «Kortreist mat» hos fylkesmannen i Rogaland, stadfestar at mat rett frå bonden blir meir og meir etterspurt. Han er midt i eit treårig engasjement som prosjektleiar, og merkar at mangfaldet av nisjeprodukt stadig aukar.
— Vi set nå mykje fokus på å få varene inn i lokalbutikken, og merker interesse blant anna i Norgesgruppen, fortel han.
Ei viktig oppgåve for han er nettopp å besøke bønder, slik han gjer denne dagen på Steinsland, og han er imponert over det som er tilrettelagt her. Både røykeri, kjøle og lagerrom tilfredstiller dei krav som blir sette til ei slik bedrift.
Når gjestene forlet Steinsland, er det med avtale om å snakkast igjen. Det er rimeleg å tru at kjøt frå Bjoa blir å finne der kokkane Roger Malmin og Frode Selvaag er å finne i framtida.
Då vil gjestene også kunne få vite om historia bak kjøtet dei et, mellom anna om det grøne graset på Hardangervidda.
Men Inga Steinsland har mange idear når det gjeld kjøtet ho produserer.
— Ja, det er viktig å ha fleire bein å stå på når det gjeld bearbeiding og sal her frå garden. Difor har eg mange idear når det gjeld råstoffet eg rår over.