Redda av den tredje mann

For Jan Helge Helander kan Vikebygd Industripark bli selskapet der han klarer å kome ned […]

For Jan Helge Helander kan Vikebygd Industripark bli selskapet der han klarer å kome ned på beina til slutt. Motstandarane av at Helander skal få svi av fleire hundre tusen tonn søppel i Vikebygd, står kanskje lengre frå sigerskålen enn på lenge.

Amerikanar tilbake
Årsaka er Carlos Benetez frå Miami Beach, Florida. Han har følgt bossprosjektet i Vikebygd som ein skugge. Helander er ganske vag når han gir opplysningar om den fåmælte amerikanaren som har vore i Ølen fleire gonger dei siste to åra. Benetez er investor, i følgje Helander, truleg med tilgang på pengar i pensjonsfond.
Benetez var den tredje mann då den andre amerikanaren, William Martin, var på banen. Men då Martin trekte seg på oppløpssida for snart eitt år sidan, kjølna også Benetez si interesse for prosjektet i Vikebygd.
På det tidspunktet fekk Vikebygd Industripark hastverk med å flytte frå fasjonable forretningslokale i Bygdøy Allé og til Helander si privatadresse. Men no er Helander og Vikebygd Industripark tilbake på podiet med nytt kontor i Oslo sentrum. Det er også adressa for avdelingskontoret til Carlos Benetez og DGI International.

Engasjerte Norsas
Det var difor ein svært optimistisk Jan Helge Helander som saman med Carlos Benetez, hadde møte i Ølen med mellom andre ordførar Arne Bergsvåg for ei god veke sidan.
— Det stemmer det. Det er forskjellig som har losna for prosjektet i det siste. Vikebygd Industripark blir ikkje oppløyst, men tilbakeført til meg i løpet av ei veke. I tillegg har vi skrive under på ein avtale om førehandsmelding for konsekvensutgreiinga. Sjølve utgreiinga skal starte i april. Det må vere positivt nytt for dei som ønskjer arbeidsplassar i Vikebygd, seier Helander til Grannar.
Norsas AS skal utføre dette arbeidet for Helander, og det skal skje med forskotsbetaling. Helander er meir sparsam med opplysningar om to sentrale utfordringar for forbrenningsanlegget i Vikebygd: Å skaffe avtalar for nærmare 300.000 tonn søppel og industri på Dommersnes som skal ta imot straum til ein verdi av 60-70 millionar kroner.
Helander har kontakt med Kværner Rosenberg i Stavanger når det gjeld lekteren og monterings av anlegget.

Fleire selskap i trøbbel
Det er ingen tvil om at Helander er i økonomisk trøbbel, og han var avhengig av ein redningsmann i tolvte time. Samstundes som Vikebygd Industripark er under behandling i Oslo skifterett på grunn av manglande aksjekapital, er selskapet hans Enebakkv. 131 under tvangsoppløysing av same grunn. I tillegg vart det opna konkurs i Paco Eiendom AS i slutten av september. Eit selskap Helander har brukt til utvikling og sal av eigedom. Eit prosjekt med dyre leilegheiter tok knekken på Paco Eiendom AS.
Helander avviser at han no berre er ute etter å få selt Vikebygd Industripark og retten til å etablere eit forbrenningsanlegg på Dommersnes i Vikebygd.