Reddar Rodin med pizza

Kari Aakra kari.aakra@gannar.no I slutten av mars lovar Kringlebotten og ny driftsleiar Torunn Helen Larsen […]

Kari Aakra
kari.aakra@gannar.no
I slutten av mars lovar Kringlebotten og ny driftsleiar Torunn Helen Larsen (31) at nye Rodin kafé og pizza i Etne skal opna for svolte gjester att. Etter at uroa på Pizzabakeren i Ølen dukka opp i media, tok Kringlebotten kontakt med Torunn Helen Larsen, som ganske raskt takka ja til å vera med i ny drift på Rodin. Nye idear og konsept fører likevel ikkje til endringar av landemerket, som den nye leiaren meiner fortener å halda leva vidare. Den tradisjonelle Rodin-menyen vil halda fram med heimelaga middag og pizza i tillegg.  
— Eg kunne aldri tenkt meg å endra på Rodin. Det er viktig å halda på det gjenkjennelege, seier Torunn Helen Larsen, opphavleg frå Hommersåk i Sandnes kommune, men nå busett i Vikedal.

Trengst meir enn kafé
Med auka konkurranse frå fleire andre serveringsstader i nærleiken, var Kringlebotten overtydd om at Rodin ville behøva eit konsept i tillegg til den vanlege kafédrifta for å overleva. Pizza blei løysinga. 
— Eg tvilar på om Rodin hadde vore liv laga med vanleg kafédrift, men pizza drar nok folk. I tillegg vil me leggja til rette for grupper på særskilde dagar. Mellom anna tenkjer me å arrangera treff for småbarnsmødre på onsdagane, og gjerne for pensjonistar på tysdagane. På laurdagane blir det pizzabuffét, og me håpar å driva cateringverksemd og utleige av selskapslokale, fortel Kringlebotten.
For å leggja betre til rette for uteservering vil fasaden på bygget endrast noko, med nye vindvegger, varmelamper, og betre tak over borda. 

Eitt steg om gongen
Med ny drift blir det også endringar i eigarstrukturen. Rodin blir eit AS, og i tillegg til Larsen og Kringlebotten skal det inn ein eller to til på eigarsida. Dette er enno ikkje heilt avgjort kven dette er. Kafévertane har også fått tak i kokk, og skal på jakt etter fleire tilsette. Deretter tek dei Rodin kafé og pizza eitt steg om gongen. 
— Me har mange idear, men me byggjer oss opp sakte men sikkert. Det er betre prøva seg fram og lukkast på eit område, enn å satsa på mange konsept. Etterkvart vil me prøva å føya oss etter ønskje og tilbakemeldingar frå gjester og publikum, seier Larsen, som med lang erfaring frå Gilde, utdanning innan marknadsføring og pizzakunnskap frå Ølen, har god tru på eit levedyktig Rodin.