— Eg aksepterer at administrasjonen gir avslag på søknader på grunn av lovverk. Men eg etterlyser skjøn ut frå signal vi har gitt tidlegare om at ein skal vere meir imøtekomande. Det er ordlyd her som nærmast er å kriminalisere grunneigarar fordi dei ønskjer å få mest mogleg ut av eit sal av garden. Kor blir det av eigedomsretten i dette her, sa Oddvar Haugland (KrF).
Heller ikkje Tone Hatteland (H), Terje Kleiven (Tverrpolitisk) eller Terje Halleland (Frp) la fingrane mellom i kritikken av byråkratiet.
Negativ innstilling
Formannskapet gjekk på tvers av ei rekkje saker der rådmannen har vendt tommelen ned for søknader. Det var særleg to saker som førte til politikarane sin vreide: Den eine var avslag på ein søknad om å byggje hus på ein mindre gard i Vikedalsdalen. Det same galdt ein tilsvarande søknad i Skjold.
Fleire meinte administrasjonen er gjennomsyra av ei negativ innstilling i staden for å vere positiv og skape dialog med søkjarane. Den andre var avslaget på eit frivillig sal av jord mellom to gardar i Vikebygd.
Både i den og i ei tilsvarande sak i Ølensvåg der politikarane var samd i avslaget, var det sterke reaksjonar på formuleringar og språkbruk i saksbehandlinga.
Profitt og gardsslakt
Vendingar som «gardsslakt», «vinningsøyemed», «profitt som drivkraft» og «skylappar for å nå målet» fekk formannskapsmedlemmer til å reagere.
— Vi reagerer sterkt på slike formuleringar. Det går ikkje an, meinte Tone Hatteland.
— I tillegg er det reine politiske utsegn som ikkje høyrer heime, utdjupa Terje Kleiven.
Det var ingen i formannskapet som protesterte mot kritikken av administrasjonen. Rådmann Helge Thorheim presiserte at all kritikk skulle rettast til han, og ikkje mot den enkelte saksbehandlar.
Hus viktigast
— Det var tidlegare to familiar som vil flytte tilbake til garden i Vikedalsdalen og byggje hus. Den eine gav opp fordi dei møtte ei negativ innstilling frå starten av, men heldigvis tok søkjaren her opp kampen og klagar på vedtaket, sa Tone Hatteland.
— Jordlova må brukast med skjønn. Her blir problemstillinga feil. Det er ikkje hus som trugar jordbruket, men at folk forsvinn. Det er heller snakk om nedbusking enn nedbygging av jord, sa Oddvar Haugland (KrF).
Det var eit samstemt formannskap som tok klagen til følgje og gav grønt lys til husbygging der søkjarane ønskte. Også Reidar Håvås (Ap) minna om signalet politikarane har gitt i frådelingssaker for å få folk til å slå seg ned i kommunen.
Vindafjord skal vere ein ja-kommune og strekkje seg for å imøtekome søknader og dispensasjonar sjølv om det betyr at fleire av dei endar opp på fylkesmannen sitt bord.