Refs for skjenkjebrot

Det vedtok Komité Folk samrøystes onsdag. Bakgrunnen for saka er ei bekymringsmelding frå politiet og […]

Det vedtok Komité Folk samrøystes onsdag.
Bakgrunnen for saka er ei bekymringsmelding frå politiet og ein skjenkerapport om brot på vilkåra i alkohollovgivinga under ein konsert 5. november i fjor.
I følgje skjenkerapporten skal ein mann ha lege på golvet inntil ein vegg og ein annan mann skal ha tatt med seg to Smirnoff Ice-flasker i lomma og skal ha gått ut av lokalet.
I følgje bekymringsmeldinga frå politiet skal ungdom på 15 og 16 år ha fått tilgong til arrangementet, og ungdom på 17 og 18 år skal ha fått stempel på handa som ei «stadfesting» på at dei var over 21 år.
Grannar skreiv rett før jul om både rapporten og brevet politiet sende til Etne kommune.

— Alvorleg
— Det har vore ei generell haldning i kommunestyret at ein skal vera relativt strenge med reaksjonane på brot på alkohollova. Me får tru det er eit eingangstilfelle, men dette er alvorleg, seier Arnold Solheim (KrF), leiar av Komité Folk, til Grannar.
— Eg synest det er ganske alvorleg og primært bekymringsmeldinga, sa Finn Ove Solberg, Krinslista for Skånevik.
Fleire påpeika at det er utbredt at mange ungdommar har falsk legitimasjon.
— Det er eit problem heile bransjen slit med, men det er bransjen som har ansvaret, poengterte Solberg.
Steinar Mjelde, rådgjevar, opplyste at reglane nå er blitt strengare for sals- og skjenkestader.
— Sals- og skjenkestader skal ha internt kontrollsystem som viser korleis dei har tenkt å løysa utfordringar som ligg i alkohollova. Det er noko me bør følgja opp. Dette gjeld faste serveringsstader, men også større festivalar, sa Mjelde.

Beklagar
Eigar av Old River Saloon, Aslaug Olden Mala, tar sjølvkritikk på at ein mann er funnen sovande inni lokalet og at ein har kome seg ut med rusbrus.
— Det er berre å beklaga at dette har skjedd, seier Olden Mala.
Ho avviser derimot at 17-18-åringar har fått stadfesta at dei er 21 år.
I følgje Olden Mala er det eit generelt problem at mindreårige snik seg inn, og ho varslar innskjerping.
— Me gjer alt me kan for å få dei bort. Etter konserten med Vassendgutane har me gjerda inn og spikra på. Før har dei som har snike seg inn fått ei åtvaring, nå er det rett til politiet og så får dei ta seg av det, seier Olden Mala, som etterlyser eit tilbod til ungdom under 18 år i Etne i helgene.