Rehabilitering på is i Vindafjord

Utval omsorg i Vindafjord går i innstillinga til kommunestyret 14. februar inn for at opprettinga […]

Utval omsorg i Vindafjord går i innstillinga til kommunestyret 14. februar inn for at opprettinga av dei åtte rehabiliteringsplassane blir utsett.
— Kommunestyret i Vindafjord vedtok i budsjettet for 2006 kutt på to prosent innan alle sektorar. Dette er vår måte å komma i mål med budsjettet på, seier Gunn Vikingstad (Vikebygd Bygdeliste), leiar i Utval omsorg.
I følgje Vikingstad utgjer mesteparten av innsparingane lønsutgifter.
Vindafjord kommune har vedtatt årlege innsparingar på omlag to millionar kroner dei neste åra innanfor arbeidsområdet til Utval omsorg.
Vikingstad presiserer at det ikkje er snakk om å skrinlegga opprettinga av rehabiliteringsplassane. Målet er å ta opp igjen saka i budsjettbehandlinga for 2007.

— Enklaste måten
— Mitt personlege mål er å oppretta rehabiliteringsplassane til neste år. Alle i utvalet er opptekne av å få dette på plass, men skal me komma i gong og klara samkjøringa i den nye kommunen, må me byrja ein plass. Då var dette den enklaste og beste måten me kunne sjå, seier Vikingstad.
Ho seier det framleis blir mogleg å få rehabilitering, men at det er tanken om å samla brukarane og kompetansen som nå blir utsett.
— Dette er ikkje eit tilbakesteg, me går berre ikkje så fort som me hadde tenkt. Me har økonomiske utfordringar på kort og lang sikt. På kort sikt må me ned i budsjettet, og då er det betre å avventa å starta opp noko enn å legga ned noko, seier ordførar Arne Bergsvåg (Sp).

Oppvarma mat
Det er tidlegare vedtatt at demensavdelinga skal flyttast til Vindafjordtunet.
Fellesnemnda gjekk i sommar inn for at Vindafjord skal oppretta eit produksjonskjøkken som skal laga kok-kjøl mat, men bad om å få kjøkkenstrukturen opp som ei eiga sak. Det blei vedtatt at investeringskostnadar, kvalitetssikring av maten og plasseringa av kjøkkenet skulle utgreiast nærmare. Dersom kjøkkenet går til Vats, kan altså Ølen bli taparen i puslespelet.
Rådmann Helge Thorheim seier administrasjonen er i sluttfasen med utgreiinga. Han håper å få saka opp i formannskapet 22. februar.
— Det er vedtatt at kjøkkenet skal ligga organisatorisk under Ølen, lokaliseringa er ikkje bestemt. Kjøkkenet kan godt vera i Vats sjølv om det ligg under ei eining i Ølen, seier Thorheim.
Han er positiv til å få Etne med på laget, og seier at Vindafjord har invitert Etne til å vera med på eit kok-kjøl kjøkken i Vindafjord.