Rein idrettshall på banen

— Det er viktig å få fram at dette berre er eit alternativ til prosjektet […]

— Det er viktig å få fram at dette berre er eit alternativ til prosjektet som plannemnda og Oddvar Åsheim arbeider med, seier han.
Han ser for seg ein enkel besthall (rubbhall) på 9600 m2, som kan romma både handballbane, kunstgrasbane i standardstorleik, løpebane, tennisbane, badmintonbane, styrkerom og sandvolleyballbane.
— Prisen på ein slik hall vil bli 11, 5 millionar kroner. Ferdig innreia vil prisen bli 24, 5 millionar. Eg trur den andre som er under planlegging er budsjettert til omkring 20 millionar, og den er berre 1000 m2, seier Kjell Reidar Gravelsæter.

Berre eit forslag
— Eg er blitt oppmoda om å leggje fram denne planen av andre som har høyrt om den. Det blir spanande å sjå korleis kommunen tek imot forslaget mitt, seier han.
— Kvifor har du engasjert deg så sterkt i dette?
— Eg kom på denne ideen av meg sjølv, fordi eg synest det er dårleg tilrettelagt for idrett i bygda. Fotballen er den største, og då synest eg det er på sin plass at spesielt ungdom har ein skikkeleg plass å trene. Det er eit stort behov for ein kunstgrasbane i Etne, seier han.
— Korleis har dei som arbeider med kulturhus–alternativet teke imot forslaget ditt?
— Dei har ikkje akkurat ropa hurra. Forslaget mitt er blitt godt motteke blant så og seie alle andre eg har snakka med, seier han.
Hallen som Gravelsæter ser for seg er flyttbar.
— Det er ikkje noko problem å flytte hallen dersom arealet som den står på skal brukast til noko anna, seier han.
Han viser til at ein tilsvarande hall er blitt sett opp mellom anna på Bryne. — Bryne Fotballklubb har stor nytte av hallen med kunstgrasbane. Den hallen eg har sett for meg er tre gonger så stor, og vil gje grobotn for alle mogelege idrettar i bygda, seier Gravelsæter.

Meir enn idrett
Prosjektleiar for Etne Sport– og kultursenter og leiar i Etne idrettslag, Oddvar Åsheim, meiner det nye forslaget ikkje kan samanliknast med det prosjektet han og plannemnda har jobba fram.
— Vårt prosjekt er eit sambruk, ein hall som kjem både idretten og kulturen i bygda til gode. Dette nye forslaget er berre retta mot idretten. Det er ein fin tanke, som me kanskje kan få til ein gong i framtida. Dessutan trur eg det vil bli vanskeleg å plassere ein hall på 9600 m2 i nærleiken av kulturhuset, seier Oddvar Åsheim.
Han synest det er eit veldig spesielt tidspunkt å kome med eit nytt forslag på, og viser til at det berre er ein knapp månad til sak om Etne Sport– og kultursenter skal opp i kommunestyret.
— Kvifor er kostnadsforskjellane mellom dei to alternativa så store?
— Eg vil ikkje kalle det to alternativ, det er to heilt ulike ting. Det at hallen til Kjell Reidar Gravelsæter er rimelegare er nok fordi den består av ei stålramme med plastduk over, me ser for oss eit vanleg bygg, seier Åsheim.

Ordføraren glad
— Eg synest dette ser veldig spennande ut, seier Amund Enge.
Ordføraren meiner at Etne absolutt har behov for ein kunstgrasbane.
— Kva synest du om dette sportshall-prosjektet kontra kulturhus/ idrettshall?
— Eg vil ikkje uttala meg om kva eg synest er best, men eg veit at mange i bygda ser større nytte av ein rein idrettshall enn eit kombiopplegg med kultur. Det eg er mest skeptisk til er at ein slik hall ikkje akkurat er nokon fryd for auga, eg trur det vil vekka reaksjonar, seier Amund Enge.
— Det nye alternativet er ein hall på nesten 10 mål. Har kommunen plass til eit slikt bygg?
— Det blir vanskeleg å få det til i området rundt kulturhuset, men det er i alle fall på plass min eigen eigedom, der held idrettslaget på å lage ein fotballbane til Etne Cup no, seier Amund Enge.
— Kjem du til å leggje fram forslaget for andre i kommunen?
— Ja, det er klart. Dette forslaget vil bli vurdert på lik linje med det andre forslaget som ligg føre, seier Amund Enge.
Kommunestyret skal avgjere om det blir idrettshall i Etne den 27. juni.