I lang tid har Vindafjord kommune slite med å få tilfredsstillande vasskvalitet ved vassverket, og både ungar og vaksne har fått magesmerter, diaré og oppkast etter å ha drukke forureina vatn.
Kommunen har i lang tid prøvd å finna ut kva som er årsaka til forureininga av drikkevatnet, utan å få svar. Dermed vert heller ikkje vatnet friskmeldt. At ein kan få forureina vatn i kortare periodar, er noko ein må leva med så lenge ein nyttar seg av overflatevatn til drikkevatn. Me at det skal gå så lenge som det har gjort i Skjold -– utan at ein klarar å finna årsaka til problemet – er ikkje godt nok. Innbyggjarane i Skjold har krav på å få reint drikkevatn, slik også alle andre innbyggjarar i kommunen har.
Reint vatn er viktig på mange måtar. I Noreg ser me det som ein sjølvfølgje at vatnet me får levert er reint og kan drikkast og kvar privatperson i Noreg brukar rundt 200 liter vatn i døgnet ifølgje Statistisk Sentralbyrå. I fjor fekk 99 prosent av alle innbyggjarane reint vatn. I Skjold er dei altså ikkje lengre blant desse.
Men det er ikkje berre privatpersonar som har bruk for reint vatn. Også mange verksemder nyttar seg av vatn på ulike måtar, også i produksjon. For ein del av desse er det spesielt viktig at vatnet dei får er reint.
Sist veke hadde også kommunen møte med Mattilsynet om situasjonen. Løysinga Mattilsynet foreslår er å investera i nytt reinseanlegg. Slik det ser ut er dette den einaste løysinga, og kommunen er heldigvis i gang med undersøkja moglegheitene for å få på plass eit nytt reinseanlegg.
Sjølvsagt må dette gjennom dei naudsynte instansane før ein kan gjera ei slik investering. Men saka bør vera så pass viktig at det går raskt. I dag betalar kundane for reint vatn utan å få det. Det må det bli ei forandring på.