Reisemål Skandinavia

Me møtte Steinstø i First Hotels sitt hovedkontor på Aker Brygge. Det var den same […]

Me møtte Steinstø i First Hotels sitt hovedkontor på Aker Brygge. Det var den same dagen som Dagens Næringsliv hadde skrive at tre av direktørane i selskapet hadde mista jobbane sine. Krise i leiren?
— Nei, absolutt ikkje. Dette er berre ei tilpassing for å få på plass ein organisasjon som no må tena pengar. Me har i dag 54 hotell i Skandinavia. Mange av dei er veldig bra, og utviklinga er positiv, fortel salsdirektøren for den internasjonale marknaden. Men legg raskt til:
— Konkurransen er beinhard. Det hjelper ikkje med tilnærma fullt belegg om ein sel romma sine til ein pris som ikkje genererer pengar på botnlina. Heldigvis er det ein realitet som er i ferd med å få fotfeste i bransjen. Når ein legg det generelle prisnivået til grunn, er det knapt nokon stad i verda at eit hotellrom er rimelegare enn på våre breiddegrader, fortel mannen som starta hotellkarriera si med helgejobbing på Etne Hotell som 17-åring.
Mykje reising
Dei siste åra har Steinstø sjølv vore ein storbrukar av hotellrom og flyreiser.
— I periodar har eg ikkje sett stort anna enn innsida av flyplassar og møterom. Har vore meir eller mindre på farten for å selja inn hotellkjeda vår til store utanlandske turoperatørar. I tillegg har eg også hatt gleda av få vera med på ein del større arrangement der norsk reiseliv viser seg fram i samla flokk. Seinast under ei storstila satsing i Washington. Der den norske kongefamilien også var viktige støttespelarar.
— Det foredraget som dronning Sonja held om «Mitt Norge», på Smithsonian Institute i Washington DC, er noko av det beste eg har høyrd. Det var verkeleg god reklame for reiselivsnæringa her heime. Slike fellessatsingar er veldig viktige for oss. Noreg har eit enormt turistpotensiale, men me har framleis ein lang veg å gå for å få marknadsført all herlegdomen, smiler Steinstø. Sjølv har han satsa mykje på dei nye marknadane i Japan, Kina og Russland. I tillegg til nemnde USA og England.
Naturleg stopp
I jula må Nils Einar heim til Etne.
— Du finn ikkje flottare bygd. Etne kunne med fordel ha satsa langt friskare på reiseliv. Etne er framfor alt den naturlege stoppestaden, mest same kor du har tenkt deg. Då må det jo vera mogeleg å tilby noko meir enn ein kopp kaffi til dei tilreisande, sukkar hotellmannen. Han blir heller ikkje oppmuntra av alle skulane som forsvinn i heimkommunen.
— Du får ikkje ein som mest dagleg sit med rekneskap og budsjett til å skjøna at det kan vera lønsamt å leggja ned grendeskule etter grendeskule. Dette handlar i stor grad om levande bygdesamfunn og spreidd busetnad. Rett og slett om å ta vare på kulturlandskapet vårt. For ein kommune med ekstra gode føresetnader for å satsa på turisme generelt, og særskilt økologisk turisme, er dette ekstra dårleg nytt.
200 millionar
Steinstø er klar over at han er henta til First for at hotellkjeda skal tena pengar. Noko som slett ikkje har vore tilfelle dei siste åra.
— På avdelinga mi er me fem tilsette. Eg sit i Oslo, medan to er i Sverige og dei siste to er plasserte i Danmark. Totalt vil avdelinga vår i år selja hotellrom for om lag 200 millionar kroner. Medan me her heime berre har ni First-hotell, er me størst i Sverige og svært populære i Danmark. I Københamn har me mellom anna eit femstjerners designhotell som heiter Skt. Petri. Hotell G i Gøteborg opna nyleg, og er med sine 300 rom veldig etterspurd. Hotellet ligg omtrent midt i eit handlesenter. Ein trend me ser meir og meir av. Reine shoppingferiar er ein sikker vinnar om dagen. Ikkje minst er dette populært hjå nyrike russarar, røper den marknadsansvarlege.
Lang liste
Brørne Steinar, Sigve og Torgeir er alle langt inne i oljebransjen, til liks med fleire andre i slekta. For Nils Einar vart det med ei utdanning innan automasjon, og tre sommarjobbar på Kårstø.
— Det var ikkje det eg ville driva med. Etter å ha vore innom ulike hotell i distriktet, hamna eg til slutt på hotellfagskulen i Stavanger. Der fekk eg med meg ein bachelor i administrativ leiing, og hadde full jobb i Choice ved sida av skulen. Etterpå vart eg henta til dei tre Radisson-hotella i Stavanger med ansvar for «Food and beverage», før eit nytt opphald inni fjorden hjå Edmund Harris Utne venta. Denne gongen som sals- og markedsdirektør for Hotel Ullensvang. Eg var også ein kjapp tur innom Haga Nor reiser, før eg vart henta til jobben i First Hotels. Det var også svært lærerikt. Då sat eg nemleg på andre sida av bordet, og var den som forhandla prisar med dei store hotellkjedene, fortel Steinstø.
— Det var nyttig lærdom å ta med seg på vegen vidare.