Reisepass på grått papir

Dagbladet skreiv måndag om 19 år gamle Yawar frå Pakistan som måtte leita etter mat […]

Dagbladet skreiv måndag om 19 år gamle Yawar frå Pakistan som måtte leita etter mat i søppelkassar då norske styresmakter stoppa utbetalingane. 17. mai i år blei han funnen drukna. Yawar kom til Noreg etter tortur, trugsmål og fengslingar i heimlandet. I vinter fekk han avslag på søknaden om asyl, og beskjed om å reisa frå Landet. Frå 1. mars slutta alle utbetalingane frå UDI, i samsvar med det nye regelverket. Dersom styresmaktene følgjer regelverket like strengt som til nå, blir det truleg fleire som må gå i søppeldunkane å leita etter mat. I følgje ei pressemelding frå Utlendingsnemnda onsdag er det 134 familiar med til saman 450 personar som ikkje oppnår vilkåra i dei nye føreskriftene og dermed får reisepass på grått papir.

Det var etter ønske frå Stortinget at Kommunal- og regionaldepartementet i sommar innførde ei eiga føreskrift for barn av asylsøkjarar som hadde søkt asyl seinast 1. juli 2001, og fått endeleg avslag seinast 1. juli 2003, og som framleis oppheldt seg her i landet. Ved å søkja innan ein bestemt frist skulle desse få behandla saka si på nytt ut frå særskilde og meir sjenerøse reglar.
Når desse vedtaka nå blir sette ut i livet, avdekkjer dei at nokre dagar fram eller tilbake for tidspunktet dei kom til landet, får avgjerande verknad for deira vidare lagnad.

Etter at dette er blitt kjend gjennom media, kjem stortingspolitikarane springande og seier at det var ikkje slik dei meinte det. Men med Erna Solberg som sjef, kan det vera i seinaste laget. På NRK Dagsnytt onsdag morgon viste ho ingen nåde og ville ikkje sjå på praksisen på nytt. Hennar svar var at ho berre følgjer opp Stortinget sitt ønske. Stortingspolitikarane må snart innsjå at i den sitjande regjeringa er der lite rom for menneskeleg skjønn og heller ikkje plass for nestekjærleik.