Rekord-Roots i strålande sol

I det fine vêret vandra folk mykje rundt i gatene i festivalbygda. Forretningane melder om […]

I det fine vêret vandra folk mykje rundt i gatene i festivalbygda. Forretningane melder om hyggjelege omsetnadstal. Ein imponerande detalj er at det ikkje er notert noko styggedom i politiloggen etter tre solvarme festivaldagar og lune netter.
Grisen hylte
Høgast stemning i Rootsteltet var det ganske visst fredagskvelden. Folkemusikaren Annbjørg Lien og Bukkene Bruse sette tonen, og skotske Capercaillie og irske The Commitments spelte vidare på sine gæliske strenger.
Laurdagskvelden nådde ikkje stemninga heilt opp før grisen tok til å hyla mot slutten av Odd Nordstoga sin konsert. Den populære grisevisa nærmast saug inn dei som vandra rundt ved grillteltet og utanfor ølteltet. Dermed såg rootspublikummet lyst og lysteleg på livet då Matpackers spelte opp til konsert ut i julinatta.
God kontroll
Vaktmannskapet passa på at dei som inntok ølteltet hadde nådd foreskriven alder og at alt gjekk føre seg i ordna former. På utsida og ned mot båthamna var det ikkje alle som gjekk like beint, men det kan ikkje Rootsfestivalen gjerast ansvarleg for. Folk har ulike preferansar. Somme kjøper tjue pils på samvirkelaget, og sit og søv på tomkassen når midnattstimen slår. Andre bruker det same pengebeløpet på å betala seg inn på konsert. Denne todelinga ligg djupt i folkesjela.
Vellukka nyheiter
— Eg trur aldri det har vore så mykje folk i Vikedal før, seier ei sliten, men strålande nøgd Anne Cecilie Berentsen. Festivalsjefen rosar alle dei friviljuge som har gjort sitt til at alt har fungert så godt. Utan dugnadsinnsatsen deira ville det ikkje ha vore godt å få eit slikt arrangement i hamn.
Nysatsinga med gratiskonsertar i båthamna på ettermiddagane, var stort sett vellukka. Rett nok var det nokre konsertar innimellom der det var glissent i benkeradene, men det er ikkje til å unngå på eit så stort arrangement.
— Elevane i Vindafjord kulturskule var utruleg flinke. Dei hadde fortent eit større publikum, meiner festivalsjefen. Ho trur nokså sikkert at presentasjonen av kulturskulen kjem att på neste festival, og ho leikar med tanken om at dei kan må kunna få eit betre tidspunkt enn laurdag middag.

Jonas Jørstad