Det blir direkte val av ordførar i Vindafjord under kommunevalet neste år. Dermed blir det også ved dette valet veljarane som kan peike ut kandidaten gjennom eit eige ordførarval. Direkte ordførarval er framleis eit forsøksprosjekt der kommunane må søkje Kommunal- og regionaldepartementet om å få vere med. Eit samstemt kommunestyret avgjorde at Vindafjord skal søkje om å få delta også ved valet neste år. I dag er det 36 forsøkskommunar, og departementet ønskjer å utvide til 50, a ikkje media si skyld, men den negative merksemda verkar ikkje positivt på at folk vil slå seg ned i Skånevik, seier Matre.
Han meiner tunnel mellom Etne og Skånevik ville vore utelukkande positivt for skåneviksbuen.
— Eg trur Skånevik vil veksa på det og at folketalet vil komma til å stiga. Viss me hadde hatt tunnel, trur eg mange som i dag slår seg ned i Etne hadde slått seg ned i Skånevik, seier Matre.
Klassen på overnatting
Også elevrådsleiar ved Skånevik skule, Kristine Ebne i 9. klasse, trur at tunnel ville vore positivt for bygda.
— Det hadde vore bra. Då kunne kanskje fleire busett seg i Skånevik for det ville ikkje vore så lang veg til arbeidsplasser i Etne og Ølen, seier Kristine, som ikkje er i tvil om at ho vil tilbake til heimstaden etter endt utdanning.
— Ja, eg vil tilbake til Skånevik. Det er ein veldig fin plass, og eg synest det er bra her. Her har eg alle vennene mine. Det er eit bra utval når det kjem til idrett. Me har handball, fotball, volleyball, step og sykling, seier Kristine.
I 9. klasse er det nå seks jenter og tre gutar.
— Det er kjempekjekt, men me kunne godt hatt fleire gutar. Det er kjekt å ha heile klassen på overnattingsbesøk. Ikkje berre klassen, men heile ungdomssteget er veldig samansveisa dette året, seier ho.
Også fleire av klassekameratane til Kristine er positive til tunnel, men om det blir Skånevik for alltid er heller usikkert.
— Eg trur ikkje eg kjem til å bli buande, seier Martin Løhaugen.
— Kanskje når eg blir 80, seier Marthe Lovise Rise Bøthun.
— Det er ikkje så masse folk og ikkje så masse jobbar her, seier Stine Sandvold.