Rekordhogst i Vindafjord

Skog- og utmarkskonsulent i Vindafjord, Gitte Halvorsen, opplyser at hogsten av tømmer i kommunen låg […]

Skog- og utmarkskonsulent i Vindafjord, Gitte Halvorsen, opplyser at hogsten av tømmer i kommunen låg jamt på rundt 3 – 5.000 kubikkmeter i 1990 åra med ein nedgang til under 2.000 i 2002, då det vart hogge berre 1.875 kubikkmeter.
— Men så plutseleg i 2004 var ein oppe i heile 8.553 kubikkmeter. Dette er rekord. Aldri tidlegare har det blitt hogge så mykje tømmer i Vindafjordskogane. Dette gir ein brutto verdi på 2,4 millionar kroner, fortel ho.
Vindafjord kommune er nest største skogkommune i Rogaland fylke. Berre Suldal kommune har meir skog enn Vindafjord.
Gitte Halvorsen fortel at tilveksten av tømmer i kommunen i dag er 33.000 kubikkmeter per år, og den tilrådde mengde tømmer som kan hoggast per år er 25.000 kubikkmeter. Såleis kan det hoggast mykje meir enn det som er hogge i 2004.

Effektivt
Den store hogsten skuldast ikkje minst bruk av maskiner. Det er fleire skogeigarar i Vindafjord som nyttar seg av skogentreprenørar etter kvart.
Mange skogeigarar har skogen som attåtnæring til gardsbruket, og tida blir difor knapp. Då er bruken av entreprenørar, greie å ty til. Dei gjer alt, frå å ta ut tømmeret av skogen, til å ordne opp etter seg i marka og på vegane etter at arbeidet er ferdig.
Med dagens prisar har skogeigaren likevel ein god del igjen etter at tømmeret er tatt ut. Ein entreprenør tek i vanleg terreng frå 110 kroner til 140 kroner per kubikkmeter tømmer. Tømmeret blir i dag betalt med rundt 300 kroner per kubikkmeter.
Tid kostar pengar, og ei hogstmaskin tek ut rundt 200 kubikkmeter på ein dag.

God kvalitet
Sjølv om det er hogge mykje tømmer førre år, håper Gitte Halvorsen at det også vil bli hogge ein god del i inneverande år.
— Ja, eg veit det er entreprenørar i arbeid, og ein del hogst måtte også utsetjast grunna mykje nedbør. Difor trur eg også 2005 kan bli eit godt år, seier ho.
På spørsmål om kvaliteten på vestlandsgrana kan måle seg med tømmer frå til dømes Austlandet, viser ho til fylkesskogmeister Stein Bomo i Rogaland. Han skriv i eit innlegg i bladet «Vestskog» at kvaliteten på norsk gran hogd i Rogaland er fullt på høgde med gran i Hedmark og Oppland.
— Myten om dårleg kvalitet på vestlandsgran er avliva. 58 prosent av norsk gran hogd i Rogaland i 2003 vart skore til fullverdige materialar i samsvar med krava i Norsk Standard for trelast. Samanliknar vi med dei store skogfylka Hedmark og Oppland, ligg dei på respektive 61 prosent og 53 prosent sagtømmer, skriv han mellom anna.