Over heile Vestlandet blei det sett varmerekord på varmerekord tysdag.
I Molde blei det sett ny noregsrekord med 25, 6 grader, den varmaste oktobermålinga på over 100 år.
Med 22,1 grader i Nedre Vats tysdag, blei rekorden frå 1978 med 21,6 grader sletta. Både i Hordaland og Rogaland blei det sett nye rekordar. I Hordaland var Florida i Bergen varmast med 23,1 grader og i Rogaland var Sauda på topp med 22,9 grader.
— Desse temperaturane er ganske spesielle. Det skjer berre kvart tiande år at ein får ein maks temperatur på over 20 grader i oktober, seier Magnus Anglevik, meteorologikonsulent ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
— Tysdag var døgnmiddeltemperaturen den nest høgaste i heile år. Berre ein dag i juli hadde to tiendedelar høgare. Det er ikkje ofte slikt skjer, seier Anglevik.
Døgnmiddeltemperaturen for Hordaland og Rogaland blei målt til 19,1 grader tysdag mot 19,3 grader 9. juli i år. I Nedre Vats var døgnmiddeltemperaturen 18,4 grader tysdag.
Også onsdag peika temperaturen oppover. Kl. 11.00 viste den 19,7 grader i Bergen.
— Det har berre skjedd to gonger dei siste 100 åra at temperaturen har vore over 20 grader to dagar i oktober same året, seier Anglevik om ein potensiell ny rekord.
Sterk vind
Anglevik forklarer det varme veret slik:
— Det er veldig varm luft i høgda. Den sterke vinden lagar sirkulasjon og transporterer den varme lufta i høgda ned til bakken. Sjølv om me er langt utpå året, har sola også endå innverknad, men vinden betyr mest, seier han. Natt til onsdag gav derimot ikkje tropenatt. Maks temperatur i Nedre Vats var 15,3 grader.
— Nettene er så lange nå slik at nedkjølinga skjer over lang tid, seier Anglevik. Meteorologikonsulenten meiner vêret ser lovande ut for helga, men temperaturen kjem til å gå ned.
— Frå torsdag av blir det vesentleg lågare temperatur. Fredag blir det skiftande bris, bra vêr, men kjølegare. Det ser ut til å bli bra vêr laurdag og søndag, men me er komne eit stykke utpå året, så mykje kan skje. Dersom vinden stilnar, kjem me ikkje opp i den høge temperaturen. Me er avhengige av vind og at den kjem frå søraust, seier Anglevik.
Siesta
Silje Digernes og Kristin Holthe ved Frisørhuset i Ølen slappa av ute i varmen tysdag med ein liten siesta utanfor frisørsalongen.
— Det var litt roleg her nå så då måtte me jo nyta vêret når det er så fint. Me hadde vel hatt litt vasking me eigentleg kunne gjort, ler Holthe.
Holthe og Digernes har ingenting imot sommarvarme i oktober.
— Det er herleg, seier Digernes.
— Det er alltid bra med sommar. Det treng ikkje bli vinter før til jul, seier Holthe. Marta Berge i Ølensvåg nytta sommarvarmen til å klippa plenen. Ho kan ikkje hugsa å ha klipt plenen i oktober før.
— Dette er heilt spesielt. Det er heilt utruleg at me kan gå i t-skjorte, seier ho.
Rudi Hereide frå Skånevik slappa av med avisa og ei brus ved kaien i Etne etter ferdig arbeidsdag.
— Det er fabelaktig, seier han. Hereide bada til langt uti september, men gav seg då han blei forkjøla. Tysdag vurderte han nesten å starta igjen.
— I dag freistar det faktisk. Viss det held fram slik, blir det bra badetemperatur, seier Hereide.
— Ein slik haust har eg aldri opplevd. Vanlegvis er det jo vinter her nå, seier tyske Helmut Diekmann, som har feriert i Noreg i 20 år.
Han prøvde fiskelykka ved kaien i Etne, utan den heilt store suksessen.
— Det er svært beskjedent, det bit ikkje i heile tatt, seier Diekmann.