Respektlaus gravskjending

Sokneprest Johannes Nedrelid vart lei seg då han høyrde om nidingsdåden. — Det gjer vondt […]

Sokneprest Johannes Nedrelid vart lei seg då han høyrde om nidingsdåden.
— Det gjer vondt å høyra dette. Det er frykteleg trist når slikt skjer, ikkje minst for dei pårørande. Nokre ting i samfunnet vårt bør me ha respekt for. Her er kjenslene våre så skjøre, seier ein trist sokneprest, som håpar at dette var eit eingongstilfelle.
Tordis Vinje kjenner til at noko liknande skjedde på den same kyrkjegarden for nokre år sidan. Då som nå, var det litt spesielle og dyre buskar som vart stolne. Ho trur difor ikkje at det var nokon som var ute etter å ramma familien hennar. Det var grava til svigerforeldra hennar og ein svoger det gjekk ut over denne gongen.
— Plantane var ikkje dyrare enn at dei går an å løysa ut for dei fleste. Eg håpar at dei ikkje veks godt hjå dei som har stole dei, seier Osmund Vinje.
Gjer seg små
Etter nokre liknande episodar tidlegare år, sette kyrkjeverje Margot Ivesdal i Ølen opp ein plakat på kyrkjegarden der ho gjorde merksam på kva ho synest om den slags framferd.
— Det er skammeleg. Det er utruleg at nokon kan gjera seg så små at dei går og stel blomar på ein kyrkjegard, lyder kommentaren frå Margot Ivesdal. Ho kjenner ikkje til at liknande ting har hendt på kyrkjegardane på Bjoa eller i Vikebygd.
Kollegaen hennar i Vindafjord, Inghart Lasse Tveit, har ikkje høyrt om slike hendingar ved dei kyrkjegardane han har ansvar for.
— Det er veldig simpelt, og veldig krenkande for dei det gjeld. Eg vil råda dei pårørande til å melda saka til politiet, er oppmodinga frå Tveit.