Restriksjonar på fjørfehald

Bakgrunnen for innføringa av restriksjonane er funnet av fugleinfluensa i ein kalkunbesetning i Suffolk i […]

Bakgrunnen for innføringa av restriksjonane er funnet av fugleinfluensa i ein kalkunbesetning i Suffolk i Sør-Aust England før helga. Kvar smittekjelda kjem frå er førebels ikkje avklara, men det kan ikkje utelukkast at utbrotet har samanheng med dei seinaste utbrota i Ungarn og/eller Russland.
Restriksjonane inneber mellom anna at fjørfe og andre fuglar i fangenskap ikkje skal ha direkte kontakt til ville fuglar. Mattilsynet vurderer fortløpande behovet for å lempe på restriksjonane eller eventuelt behovet for å utvida dei.
Mattilsynet understrekar igjen kor viktig det er at alle fjørfehaldarar sikrar sine fjørfehald med best mulige hygienerutinar. Uvedkommande personar og potensielt smittefarlig materiale skal ikkje inn i fjørfehaldet, skriv Mattilsynet på sine nettsider.
Vidare er det forbod mot å halda marknadar, utstillingar, konkurransar eller på anna måte å arrangere samlingar av fjørfe i denne delen av landet. Eigarar av fjørfe og andre fuglar i fangenskap må melda frå om sitt dyrehald til Mattilsynet sine distriktskontor.
— Eg er trygg på at Mattilsynet som operativt ansvarlig er godt førebudd på å møta eit eventuelt utbrot av fugleinfluensa i Noreg, og at fjørfenæringa følgjer opp dei førebyggjande tiltaka. Me snakkar likevel her om et utbrot i Sør-Aust England. Fugleinfluensa er ikkje påvist i Noreg. Me hadde tilsvarande tilfeller i fjor då fleire land i våre nærområder fekk utbrot, utan at dyresjukdommen den gong nådde oss. Det kan bli situasjonen også denne gong. Men skulle det bli påvist fugleinfluensa innafor våre eigne grenser, er me godt førebudde, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen i ei pressemelding.