Tilsettinga av ergoterapeut er ein del av Etne kommune sin handlingsplan for fysioterapeut-tenesta 2005-2008. Den inneber eit samarbeid mellom private og kommunale fysioterapeutar.
Staurland får nå i oppgåve å forma den nye stillinga. Ho seier til Grannar torsdag at det er svært bra at kommunen har oppretta ei slik stilling, då den ikkje er lovpålagt.
Staurland fortel at ein ergoterapeut sin jobb i korte trekk er å behandla til aktivitet gjennom aktivitet. Dei behandlar direkte gjennom trening og indirekte ved å leggja til rette hus, arbeidsplass, skule eller å søkja om hjelpemiddel.
Staurland fortel at det er nok å ta tak i i den nye jobben, og meiner ho kunne ha fylt to stillingar for å stetta behovet. Men seier den halve stillinga er ein positiv start.
Sjølv om behovet heilt sikkert er mykje større enn det ein kan utretta i ei 50 prosent stilling, er me samde med Staurland i at det er ein positiv start. Og er det noko som vil gi gevinst, må det vera ei slik stilling. Med rett trening og tilrettelagde bustader og tilpassa hjelpemiddel, vil mange brukarar klara å fungera ved eiga hjelp. Det vil igjen avlasta både heimesjukepleien og redusera trongen for omsorgsplassar.
I sum blir det ein pluss for alle partar. Brukarane får ein betre kvardag og det offentlege sparer kroner og frigir arbeidskraft til nytte for andre.
I vårt distrikt er det berre Odda og Tysvær i tillegg til Etne som har oppretta stilling som ergoterapeut. Me vil oppmoda politikarane i Vindafjord til å følgja i fotsporet til desse kommunane. Me er overtydde om at det er ei utgift som vil betala seg tilbake mange gonger.