Me ser på oss som ei bedrift som er svært open for både positiv og negativ kritikk og vedgår både ovanføre involverte gjester og offentlegheita elles om me ikkje har oppfylt rimelege krav til produktet. Me har hatt kontakt med dei gjeldande gjestene og detaljar kring dette er heilt sikkert uinteressant for dei fleste, men me kan av omsyn til våre tilsette, som gjorde ein flott jobb denne helga, ikkje la dette lesarinnlegget stå uimotsagt og nemner difor nokre punkter likevel.
Fugl Fønix er alltid fullbooka under Etne Cup og varebestilling og bemanning vart gjort på bakgrunn av mange års erfaring med denne helga. At me ikkje hadde tatt høgd for eit forbruk langt over det vanlege, tar me all mogleg kritikk for, men betjeninga sørga for at dispenserjuice vart erstatta av flaskejuice og dispensermjølk av Tines litermjølk. Det var rikeleg med brød og pålegg heile helga, men det mangla diverre loff og nugatti utpå søndagsføremiddagen. Når det gjeld standarden på hotellromma, mangla det verken papir, handklede eller lys ved innsjekk og påfyll vert gjort kvar dag eller oftare om naudsynt. Det vert alltid skifta til nye handklede kvar dag hjå oss.
Me ser lyst på framtida, også under neste års Etne Cup.
Fugl Fønix Hotel AS
Asbjørn Moe
Dagleg leiar