Revy i det fri

Revyen går av stabelen i den tidlegare lensmannsgarden i Isvik. Scena er rett på grusbakken […]

Revyen går av stabelen i den tidlegare lensmannsgarden i Isvik. Scena er rett på grusbakken omkransa av steinmurane i hagen.
— Det blir ein minirevy med utgangspunkt i revyen vi viste tidlegare i år. Men ein del er omskrive og fornya, seier Veronika Frøyland.
Ho er leiar for revygruppa i U.L Skjoldafjord.
— Vi har kalla det sommarrevy, og eg håpar det kan bli ein tradisjon i Skjold. Det er i alle fall populært andre stader. Det blir også litt annleis ved at vi viser revyen ute, seier Veronika Frøyland.
Faren Magnar Frøyland har restaurert den gamle lensmannsgarden i Isvik, og han har arrangement for slutta lag. Dermed slo dei seg saman og fann på ein ny variant for revyen i Skjold.

Puff for revyen
— Det startar med revy, men vi har også planlagt allsong og heilaftan med dans etterpå. Vi sel berre billettar på førehand, seier Magnar Frøyland.
Han kallar plassen for Lensmannsgården, men i bygda bruker ein like ofte Solvang om denne plassen midt i bygda.
Tidlegare var det eit svært aktivt revymiljø i ungdomslaget, men så var det over ti år med laber interesse. Men no har revymiljøet tatt seg opp igjen.
— Det var rundt 500 som såg revyen i mars, og vi har fått inspirasjon til å prøve noko nytt. I revy kan vi ta opp lokale tema og hendingar, og det set folket pris på. Det er tema folk kan kjenne seg igjen i. Vik og Vats får også ein visitt, seier Veronika Frøyland.
To blad Frøyland set sin lit til at vêrgudane speler på lag med sommarrevyen, men dei har også nokre reserveløysingar på lager dersom det blir litt for vått den 24. juni.
Sommarrevyen i Skjold er kanskje ein av dei få revyane i landet der publikum blir oppfordra til å ta med seg stol. Det er nemleg ikkje eit tradisjonelt revylokale ungdomslaget skal opptre i.