150 spente foreldre, besteforeldre og sysken møtte fram til premiereframsyning i Ølen samfunnshus. Teaterstykket var profesjonelt gjennomført heilt ned til dei aller minste detaljane. Det har regissør Astrid Eidhammar Hjelmeland og koreograf Monica Tveit Sæverud mykje av æra for. Elisabeth Nesheim hadde laga kostyme som passa godt til. Geitekillingane hadde fått ekte geiteskinn og ulven var «tøff-skummel» i sin mørke pelsdrakt. Lyssettinga var bra i den mørke salen, eit grøngult lys flomma over scenen. Scenografien til Aud Sigrid Flesland laga ei fin ramme som så absolutt levde opp til den fine musikalen.
Lurt smil på lur
Handlinga i det velkjente eventyret går i korte trekk ut på at den store stygge ulven prøver å ta geitekillingane. Ved å lære seg songen «Mamma er her», på engelsk kjend som «Mommy´s home», prøver ulven å lure geitekillingane til å tru at han er geitemor. Til slutt tar han geitekillingane, men ikkje overraskande endar også dette eventyret godt.
Dei yngste blant publikum sat som fjetra då spenninga bygde seg opp, og det var mange stolte foreldre å spore. Og stolte hadde dei all grunn til å vera. Dei unge skodespelarane hadde pugga tekst og songar, og gjorde ein framifrå jobb i musikalen. Spesielt god var Fredrik Lothe i rolla som «Rockeulven». Han hadde heile vegen eit lurt smil på lur, og sjarmerte publikum med sine gode kommentarar og fakter. Geitemor vart spela av Merete Heggebø Kambe. Ho spela rolla si svært godt, og hadde mange fine solosongar. Spesielt bra var dei tøffe dansenummera som dei dansande trea og ulvungane hadde undervegs i eventyret.
Teater og dans er to krevjande disiplinar, men dei aktive i Ølen kulturskule gjennomførte stykket med bravur. Litt premierenerver var det sjølvsagt, men det høyrer med på ein slik kveld.
Hanne Rullestad