Rodin er redda

Torunn Helen Larsen mista jobben etter at Pizzabakeren i Ølen måtte slå seg konkurs i […]

Torunn Helen Larsen mista jobben etter at Pizzabakeren i Ølen måtte slå seg konkurs i desember i fjor, og tar nå over som dagleg leiar på Rodin kafé.

Utvikling av kafédrifta og nye moglege konsept er framleis under planlegging, men det vil bli vanleg kafé med middagar, utvida med pizzabestillingar og lengre opningstider, forsikrar både dagleg leiar og eigar av Rodin.

Kringlebotten seier at det med tida truleg vil bli endringar på fasaden av kafeen også, for å betra tilhøva for uteservering til gjestene.

— Det er framleis uvisst når kafédørene opnar att, og det vil truleg ta litt tid, seier Kringlebotten, som i neste veke skal drøfta meir konkrete planar med den nye kaféverten.