Rødne i rute

Grovmekanikarar frå General Electrics har dei siste par vekene vore på anleggsstaden og arbeidd med […]

Grovmekanikarar frå General Electrics har dei siste par vekene vore på anleggsstaden og arbeidd med turbinen. Ein del personell med ulike typar spesialkompetanse kjem langvegs frå og har kortvarige arbeidsopphald på anleggsområdet. Dei som arbeider med utbygginga over lang tid, er derimot rekrutterte lokalt.
Dei fleste som er i arbeid med kraftanlegget, er tilsette i Veidekke ASA og Brødrene Flatebø. Mange av desse har hatt arbeidsplassen sin på Rødne i fleire månader allereie.
— Me arbeider ut frå ein plan om at anlegget skal stå ferdig i mai neste år, opplyser prosjektleiar Bjørn Sæle i Haugaland Kraft.
— Er de i rute?
— Det er veldig mange kort som skal på plass. Det er faktorar som me ikkje kan kontrollera, slik som kva vêr me får dei neste to månadane. Per i dag er me der me skal vera, seier Sæle.

Kraftig nedbør
Kostnadsmessig er prosjektet på linje med det Haugaland Kraft har budsjettert med. Uvêret 14. september, då brua over elva brotna, har ikkje betydd så mykje for prosjektet under eitt.
— Me hadde nok av maskinar på rette sida, så me kunne arbeida vidare. Det tok berre ei veke å få på plass ei ny bru, forklarer prosjektleiaren.
Den kraftige nedbøren har nok ført til eit tidstap på fire-fem veker, slik Sæle vurderer det. Dette er arbeidd inn i planane, og mykje av tidstapet er teke inn att på anna vis.
Flaumen for to veker sidan betydde ingenting for framdrifta. Erfaringane frå den våte hausten gjorde at kraftutbyggjarane var godt budde på den siste flaumen.
Røyrgata som snart er ferdig, tek vatnet ned frå dammen oppe i fjellet, 290 meter over havnivå, til kraftstasjonen på kote 50 meter. Då er det mykje kraft å henta ut or elvevatnet.

Mange firma er med
Haugaland Kraft har knytt til seg mange underleverandørar. ABB har fått ein kontrakt på ti millionar kroner i samband med utbygginga. Selskapet, som er verdsleiande innan kraft- og automasjonsteknologi, satsar for tida mykje på småkraftverk av denne typen.
For ABB sitt vedkomande, har inntil fem personar vore i arbeid i konstruksjonsfasen, som nå går mot slutten. Neste måndag byrjar dei på montasjedelen, som går fram til prøvedrifta startar i april/mai. I denne nye fasen vil opp mot sju ABB-tilsette vera med i arbeidet.
Når kraftverket på Rødne står ferdig, får det ein effekt på 9,65 MW og vil gi 36 GWh ny kraft. Dette tilsvarer omtrent det samla energiforbruket til alle husstandane i Sandeid, Vikedal og Imsland.
Kraftutbygginga skal ikkje gå ut over laksen og sjøauren i Rødneelva. Difor vert kraftverket utstyrt med ein forbisleppingsventil som skal hindra brå endringar i vassføringa. Med i kontrakten med ABB er også avanserte kontrollsystem, som skal vera med og sikra at fiskestammane i elva ikkje vert truga.