Sidan det denne jule- og nyttårshelga var lite helgedagar, vart Romjulsmarsjen arrangert utanom romjula.
Dei 96 deltakarane i Romsjulsmarsjen kunne velje mellom tre ulike løyper, og dei aller fleste valde den mellomste løypa, som strakk seg frå Skjoldarbua på Vikaneset til krysset ved Skogagjerdet og attende til Vikaneset.
Medlem i arrangementskomiteen Liv Svendsen fortel at nær 40 deltakarar gjekk Romjulsmarsjen for første gong, noko ho er svært nøgd med.
— Men det mangla ein del av dei som «alltid» går marsjen, og det må nok dei fine skøyteforholda som det er for tida, ta noko av skulda for, seier Svendsen.
For nokre er det fast tradisjon å gå Romjulsmarsjen, og tre stykk har gått marsjen alle dei 25 gongene den er blitt arrangert. Desse er Leif Jonny og Lovise Wannberg, og sonen deira Bjørn Wannberg.
Tilbake på Vikaneset fekk alle deltakarane servert varm gløgg og mandariner.
Romjulsmarsj på etterskot
Sidan det denne jule- og nyttårshelga var lite helgedagar, vart Romjulsmarsjen arrangert utanom romjula. Dei […]