For over eitt år sidan, den 25. juni 2003, låste eg døra mi og reiste til Haugesund Sjukehus, og amputerte høgre beinet. Så kom spørsmålet om det venstre. Kirurgen sin dom var absolutt: Det blei uråd å leva med smertene utan amputasjon. Så då var svaret gitt, for eg ville vel prøva leva litt til?
No eitt år etter, med sjukelega, den lengste tida i rullestol, så sit eg i same rullestolen og ventar på å få skikkeleg opptrening for å koma på beina. Til no har det berre blitt nokre treningstimar. Eg får det svaret at me er for få folk, ein fysioterapeut har permisjon, og den andre kan ikkje rekka meir. Og det skjønar eg.
Men kvar er dei som er ansvarlege for situasjonen, dei som skulle løyva midlane til fleire folk som kan hjelpa oss som treng det?
Etter så store inngrep som å missa begge beina, spør eg om ein ikkje har rett til den hjelp som trengst for å venda tilbake til samfunnet?
Lars Steinaberg