Solidaritetskonserten i Skjold kyrkje laurdag kveld baud på fleire musikalske genrar, og arrangementet var både oppbyggjeleg og underhaldande. Mannskoret dirigert av Randi Byrkja Dagsland gjorde kanskje det aller sterkaste inntrykket. Feedback-jentene, som serverte eit sjølvkomponert danseprogram framme ved alteret, var absolutt mest underhaldande og mest sjarmerande.
Klokkeklåre stemmer
Feedback-koret opna konserten. Dirigent Elisabeth Stople Gregersen, koret og songsolistane lyste av musikalitet og songglede. Då er det litt trist at lydteknikarane dytta spakane så høgt opp at berre dei tunghøyrde kunne nyta musikken skikkeleg. «Full pinne» er eit kjent triks for å skjula musikalske feilskjer, men det er slett ikkje nødvendig når Feedback står på scenen. Dei klokkeklåre, reine songstemmene deira er beint fram like guddommelege som bodskapen dei ber fram.
Fleire kunstartar
Ine Kleiveland har også stemmeprakt i mengdevis, men ho viste ikkje like sterkt engasjement og innleving, då ho song til klaverakkompagnement frå Lasse Jarmer.
Solidaritetskonserten tok skikkeleg av då fem Feedback-jenter stelte i stand ei danseoppvising. Kva kunstkategori dette var, er ikkje godt å seia, men velregissert og morosamt var det. Ein solid innertiar for multikunstnarane frå Feedback-miljøet.
Mangt eit sørvestlandsk sokneråd ville ha sett strengt på slik framferd inne i kyrkja. I Skjold sat begge sokneprestane i kyrkjebenken og smilte, og let ungdommen uttrykkja gudstru og livsglede på sitt vis framme i kyrkjekoret. Både prestane og soknerådet fortener honnør og takk for at dei har skjønt at smil og dans ikkje er ukristeleg.
Endeleg norsk
Songtrioen Lill Inger Velde, Ingeborg Velde og Elisabeth Stople Gregersen skrudde ned tempoet, og heldigvis skrudde dei også ned volumet. Etter ein time med berre engelskspråklege tekstar fekk konsertpublikummet endeleg høyra norsk lovsong. Det var like musikalsk og like oppbyggjeleg som det som var servert tidlegare.
Den andre bolken med Feedback blei om mogleg endå betre enn den første. «Sjå på han» var ein sterk song med eit sterkt bodskap.
Solidaritetskonserten var oppbyggeleg, og det var ei stor musikalsk oppleving. Å nå fram med Jesu lys og den glade bodskapen, heilt inn i hjarterøtene hjå gamle skeptikarar, er inga lett oppgåve. Kan hende har dei lukkast, desse menneskefiskarane med kvitkalka hender.