Eg oppfattar at det er dette ordføraren i Vindafjord, Reidar Håvås, har gjort når det gjeld spørsmålet om vinmonopol på indre Haugalandet.
Det fløymer meir enn nok alkohol på indre Haugalandet, lyder det fritt sitert etter Reidar Håvås. Han tenkjer på skadeverknadene, ikkje minst på dei unge, og han veit vel at det er ein direkte samanheng mellom tilgang, forbruk og skadeverknader av alkoholen. Og han viser til edruskapsplanen for sin eigen kommune, der føremålet er redusert alkoholforbruk. Då er eit nei til vinmonopol i kommunen ein heilt logisk konsekvens. Han nektar å gjera som politikarane gjer i mange andre kommunar: Vedtar fine edruskapsplanar/alkoholpolitiske planar og deretter gjer vedtak i einskildsaker som går i motsett lei. Dette er t.d. typisk for fleirtalet i Etne kommunestyre. Dei opnar nye kranar og forlenger opningstidene for dei som er, så sant dei får ein sjanse (søknad), og gløymt er planen om redusert forbruk.
Reidar Håvås er ein modig mann. Han tek konsekvensen av sine eigne prinsipielle standpunkt. Ros og ære til han.
Hans Olav Tungesvik.
Skånevik
Ros og ære til Reidar Håvås
Eg oppfattar at det er dette ordføraren i Vindafjord, Reidar Håvås, har gjort når det […]