Rosemåling på bil og kjole

— Det er veldig spennande å sjå kva ho har fått til med mønstera mine. […]

— Det er veldig spennande å sjå kva ho har fått til med mønstera mine. Eg synest det er blitt veldig stilig, seier Unni Marie Lien, og kikkar på glansbileta frå catwalken i Oslo.
Bakgrunnen for at Hafzi kontakta rosemålaren i Ølen, var hennar nye kolleksjon «Cultures in fusion». Med iransk far og norsk mor, ynskte ho å lage ein kolleksjon der tradisjonelle mønster frå begge kulturane var miksa saman.
— Eg syntest at Unni Marie Lien si rosemåling passa så godt til min strek at eg spurte henne om eg kunne kjøpe fire mønster av ho. Resultatet, saman med iransk kalligrafi, er eg veldig nøgd med, seier Leila Hafzi.
Designaren frå Stavanger er ikkje berre opptatt av klede. Ho engasjerer seg også sterkt i hjelpearbeid. Grunnen er hennar sterke engasjement for situasjonen til kvinner i Nepal. Ved å sysselsette desse kvinnene gjer ho dei ein solid grunnmur i livet. Leila Hafzi produserer alle sine klede i Nepal.
Ho har tidlegare dressa opp kjende kvinner som Mari Boine, Bertine Zetlitz og Anneli Drecker. Kanskje kjem ei av desse til å dukke opp i rosemålingskreasjonar snart?
— Det var ein del tunge tak då eg laga denne kolleksjonen. Å få rosemåling, som jo er eit måleri, til å fungere på klede, har vore ei utfordring. Men resultatet er blitt så bra at eg kjem til å jobbe vidare med rosemåling ut 2007, seier Leila Hafzi.
Unni Marie Lien gler seg over suksessen.
Japansk samarbeid
— Eg synest det er veldig tøft at ho brukar rosemåling som motiv. Det er spennande at ho vil bruke noko så gamaldags og traust på moderne klede, seier Lien.
Rosemålaren frå Ølen har fleire spennande prosjekt på gang. No jobbar ho mykje med å lage både fat og skåler til ei japansk dame som er blitt hekta på rosemåling. Hausten 2007 skal ho til USA å halde fleire kurs i rosemåling, saman med Turid Helle Fatland frå Etne. Interessa for den tradisjonelle kunsten er svært stor der borte.
— Eg har fått mange rare bestillingar opp i gjennom dei 26 åra eg har drive med dette, men det raraste eg nokon gong har gjort er nok å rosemåle ein heil bil! Den køyrer sonen min rundt i, seier ho og ler.