Rusbehandling på Vikedal Sæter

Leigeavtala mellom Nils Magne Birkeland og Karmsund ABR-senter varer eit halvt år, men avtala kan […]

Leigeavtala mellom Nils Magne Birkeland og Karmsund ABR-senter varer eit halvt år, men avtala kan verta forlengja. ABR-senteret kjem til å disponera heile anlegget, som omfattar gamle Mo skule og eit to år gammalt bygg med hotellrom.
— Førebels leiger me for eit halvt år, så ser me korleis behovet er, seier Halvor Hansen, som er dagleg leiar i Karmsund ABR-senter.

Avlastar Sand
Den frittståande stiftinga arbeider med rusomsorg ut frå eit kristent verdigrunnlag, og dei har seks avdelingar på Avaldsnes, på Sand og i Hjelmeland.
Anlegget på Juvåsen på Sand er under oppussing og oppgradering, og det er nokre av aktivitetane derifrå som vert flytta til Vikedal Sæter dette halve året.
— Me har nettopp fått godkjent det behandlingsopplegget me skal ha i Vikedal. Det er ei spesialisert tverrfagleg behandling, der mellom andre sosionomar og sjukepleiarar er involverte. Me har fått avtale om åtte plassar med Helse Vest, og me vil ta inn private i tillegg til det, seier Hansen.

Ikkje avrusing
Med tanke på naboane til det som om to veker vert eit behandlingssenter for folk med rusvanskar, inviterer leiinga av ABR-senteret til eit orienteringsmøte onsdag 24. august.
— Me har erfaring frå denne typen arbeid i fjorten år, og me har endå ikkje fått ein einaste klage frå nokon av naboane, poengterer Hansen. Inntrykket hans er at folk er skeptiske på førehand, men etter at ABR-senteret er etablert syner det seg at frykta frå naboane har vore utan grunn.
Sjølve avrusinga i regi av ABR-senteret skjer i Hjelmeland.
Arbeidsplassar
— Me har allereie tilsett folk med tanke på at dei skulle arbeida på Juvåsen på Sand. Det er ni personar som byrjar nå. Anlegget er i døgndrift, så det er alltid behov for ekstravakter og nattevakter, seier Halvor Hansen, som ser fram til å opna behandlingssenteret på Mo i Vikedal.