Vindafjord kommunestyre vedtok i vår ruspolitisk plan for 2006–07. Ved kvar rullering av desse planane syter eit stort politisk fleirtal for ei klar liberalisering av rusmiddelhandsaming. Etter separate framlegg frå KrF og Ap fekk ein likevel inn i planen mål om tiltak for å byggja ei haldningsendring til rusmidlar og rusmisbruk. I praksis har ein likevel sett at dette lett vert positive ord og vendingar, utan noko meir. I siste kommunestyre tok Vindafjord KrF tak i dette i form av ein interpellasjon. Det vert der synt til det tidlegare vedtaket, og seier blant anna:
«Det kan vera vanskeleg å fylgja opp ein slik ambisjon med ein effektiv strategi. Dette sjølv om eit samla kommunestyre meiner problemet må ha høg prioritet. KrF har vore i kontakt med Bergensklinikkene som er anerkjent for å sitja inne med avansert og oppdatert kompetanse på kva nyare forsking har funne om skadeverknader og førebygging av russkadar. Dei har gitt positiv tilbakemelding om at dei kan bidra i vår kommune med opplysning og rådgjeving, ved å stilla ein dag til disposisjon i Vindafjord.
Er ordføraren innstilt på at kommunen, gjerne ved fagetat og skule, vil nytta seg av dette høve? Det kan gjerast i møte med foreldre og elevar ved ungdomskule/vidaregåandeskule.»
Ordførar Arne Bergsvåg gav fylgjande svar:
«Vindafjord kommune er medlem i MOT, der det er ei arbeidsgruppe beståande av politi, Ølen vidaregåande skule, stabsrådgjevar skule og helsesøster, som organiserer dette arbeidet. Me ser at utfordringane innan rusmisbruk er aukande, og at der kan og bør gjerast meir. Det er difor prisverdig med engasjement på dette feltet.
Ordføraren vil difor ta eit initiativ overfor arbeidsgruppa for MOT og Saksførebuande utval Oppvekst med sikte på å få til eit slikt opplegg over nyttår.»
KrF-gruppa takkar ordføraren for eit positivt svar.
Leiv Karsten Medhaug