Ryddar opp i trafikk

Statens vegvesen ryddar litt opp både på E134, og frå sentrum til gamleskulen på Bjoavegen […]

Statens vegvesen ryddar litt opp både på E134, og frå sentrum til gamleskulen på Bjoavegen (rv 543). Det gir eit stykke gang- og sykkelsti begge stader.
Det blir slått to fluger i ein smekk ved at bergnabben ved krysset ned til Statoil og Kiwi blir skoten vekk for å skaffe fyllmassar fram til Vågenbrua. Dermed blir det fortau på E134 heilt fram til krysset til Vågen skule og Vågshagen.
I mai
For Ølensvåg er det eit lettingas sukk at det endeleg blir fullført gangveg mellom gamleskulen og til Statoil. Hordaland stod på spranget til å gå i gang med arbeidet då fylkesskiftet kom for tre år sidan, og prosjektet kokte også litt vekk i omorganiseringa i Statens vegvesen.
Men i mai skal altså entreprenør Ernst Grindheim overrekkje gang- og sykkelstigen til Statens vegvesen. Dermed blir det samanhengande gangveg ut til Ølen Betong.
— Det tok litt lengre tid enn planlagt å kome i gang. Fullfinansieringa var ikkje klar før etter sommarferien i fjor, mellom anna på grunn av brua. Men no er planen at arbeidet skal vere ferdig til 1. mai, fortel prosjektleiar Sigve Martinsen i Haugaland og Sunnhordland distrikt.
Tre millionar
Dei tre millionar kronene heile prosjektet kostar, måtte vegdistriktet finne i sine eigne budsjett. For denne prisen blir det 100 meter nytt fortau langs E134, og 196 meter frå sentrum til gamleskulen.
På denne siste biten er det medrekna ei 18 meter lang utviding av Vågenbrua får å få ein eigen passasje (3,9 meter brei) for mjuke trafikantar.
Fleire prosjekt
I mai skal også ny gang- og sykkelstig frå Ølen sentrum og langs Sandeidvegen overrekkjast til Statens vegvesen. Den er 1,8 kilometer lang og går til Øklandsvegen. Her har Statens vegvesen vore med på planlegginga og skal betale ei sluttrekning. Men elles skjer alt arbeidet i samband med den nye vassleidningen som blir lagt langs riksvegen.
Den planlagde gang- og sykkelstigen mellom Ølensjøen og Ølensvåg har ei meir usikker framtid på grunn av manglande finansiering. Som del av E134 sorterer den under stamvegmidlar.