Det er ikkje få ublide møte mellom hjort og bil som skjer på denne vegstrekninga med granskogen nesten ned til grøftekanten. Sørstranda hjortevald og viltnemndene i Ølen og Etne meinte at noko måtte bli gjort. Statsvesenet, båe viltnemndene og fem grunneigarar til skogsfelta langs vegstrekkinga blei engasjerte i tiltaket.
Det var eit lukketreff då det kom fram at ein av grunneigarane, Erling Askeland, allereie hadde planar om å hogga vekk eit granplantefelt på Mørkeli.
— Det passar veldig fint for alle partane. Det blir lettare å sjå hjorten når han kjem, for at han er trass i skogryddinga på staden, framleis ein fare for trafikken, seier John Magne Seljelid, leiar av Etne Skogeigarlag, som stod bak Skogdag på Mørkeli sist torsdag.
Skogframtid i Etne
I halvtanna år har det vore mykje skoghogst i Etne-området. Granskogen planta etter krigen er nå hogstmoden, og det er mange som vil hausta inn denne ressursen. Dessutan blir det ein del skogrydding der bøndene treng meir beiteareal, eller der mange tre er skadde av hjorten.
Berre i 2006 vart det i Etne kommune tatt ut omlag 8.500 kubikkmeter mot 500 per år i dei tidlegare åra. Det ser ut at det blir tatt ut omtrent 1.500 kubikk på Mørkeli granplantefelt. John Magne Seljelid opplyser at det kjem til å vera mykje skoghogst i åra som kjem, for det finst mange hogstmodne skogar i Etne kommune.
Det er heller ikkje noko problem å få selt tømra. Eivind Lien i Vestskog, som organiserar entreprenørarbeidet på Mørkeli, fortel at deira største kunde framleis er Noreg, men at dei også eksporterer ein god del av tømmeret til Europa. Prisen på tømmer har vore stabil dei siste åra.
Vekkjer interessa
Sist torsdag inviterte Etne Skogeigarlag alle interesserte i skogdrift ut på Mørkeli der tilskodarane kunne sjå skogmaskinar i drift, og høyra på Eivind Lien si orientering om korleis Vestskog kan hjelpa dei som vil ta ut store delar av sin skog. Skoginteresserte fekk informasjon om dei offentlege tilskotsordningane for tiltak i skogen.
John Magne Seljelid var svært nøgd med oppmøte på arrangementet. Det var omlag femti interesserte som tok seg tid til å komma på skogdag. Det viser at det er interesse for skogbruken blant folk i Etne.