Ryfylkemeieriet som vegvisar

Og avtalen ser ikkje ut til å vera nokon lysteleg lesnad for landbruksnæringa, som blir […]

Og avtalen ser ikkje ut til å vera nokon lysteleg lesnad for landbruksnæringa, som blir hardast ramma av dei nye retningslinjene. Men dei som står landbruksnæringa nærmast, bør likevel ikkje skremma livet av dei stakkars bøndene.

Gunnar Dalen minna i sist utgåve av Grannar om at avtalen langt frå er ferdigbehandla. Detaljane rundt importvern og tollsatsar vil vera avgjerande for kor store konsekvensar WTO-avtalen vil få for norsk landbruk. Med klar adresse til sine eigne seier han det er farleg å berre spå ulukker. Det meiner han er dårleg terapi for ei pressa næring. Men det er heller ikkje betre å bagatellisera verknadene, med like klar adresse til landbruksminister Lars Sponheim og hans våpendragarar i regjeringa.

Me trur det er klokt, slik Gunnar Dalen gjer, å ha eit ballansert syn på WTO-avtalen. Me må heller ikkje gløyma at avtalen, som meir enn 170 land har slutta seg til, skal gjelda for verdas aller fattigaste land og for dei aller rikaste. Då må ikkje Noreg, som er eitt av verdas rikaste land, bli ein motspelar til dei fattigaste landa, som har vilkår som ikkje toler samanlikning med våre. Me må passa oss vel for ikkje å bli for proteksjonistiske.

WTO-avtale eller ikkje. Landbruket, som dei fleste andre næringar, må visa evne og vilje til omstilling uansett. I den samanheng er det ekstra gildt å visa til Ryfylkemeieriet i Vikedal som har lagt opp produksjon og budsjett utan å rekna med eksportstøtte og andre tilskotsordningar. Med sin populære ost har dei funne ei nisje der ikkje prisen på produktet er det avgjerande, men kvaliteten. Me oppmodar fleire til å gjera som det vesle ostemeieriet, som gjennom sine dyktige og offensive leiarar i dag planlegg å mangedobla produksjonen. Både for den innanlandske marknaden og for eksport.