Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 18 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til rundt 900 husstandar. Kraftverket vil nytte eit fall på 108 meter frå Ølmedalsvatnet til Imsland. Vatnet vil gå i tunnel og i ei nedgrave røyrgate frå inntaket til kraftstasjonen.
Kraftstasjonen er planlagt bygd i Imsland nær det eksisterande oppdrettsanlegget for kveite. Her er det og planlagt eit smoltanlegg, som vil bruke det same vatnet som går til kraftproduksjon, melder NVE
Utbygginga vil redusere vassføringa i Imslandselva. Av omsyn til elva sin karakter og biologien i og langs vassdraget er det sett krav om ei minstevassføring på 400 liter i sekundet heile året. Med desse vilkåra meiner NVE at allmenne interesser er sikra, samstundes som ei utbygging vil gje ein viss auke i kraftproduksjonen.
Sa ja til til Imsland kraftverk
Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 18 GWh, noko som tilsvarar straumbruken […]