Så nær, så nær

Tre minuttar overtid var i overkant for Klebe-trenar Erling Eltavåg, og jubelen dess større då […]

Tre minuttar overtid var i overkant for Klebe-trenar Erling Eltavåg, og jubelen dess større då dommaren bles av kampen.
— Det er over all forventning at vi tar tre poeng. Vi har eit par sentrale spelarar ute med fråfall i dag, og vi blir sårbare. Slik er det for dei fleste laga på dette nivået, seier Eltavåg.
God kamp, sure poeng
— Det var ein kjempegod kamp. Vi hadde fortent å leie etter første omgang, medan vi var litt slitne i andre der ingen av laga hadde overtak. Forskjellen er at Klebe scorar to mål og vi eitt. Vi har ikkje marginane på vår side, seier GrannKam-trenar Frank Abelseth.
Det er småsurt å tape slike kampar dersom det blir mange av dei på ein sesong, er konklusjonen hans.
Før pause var det stort tempo og knallhard innsats hos GrannKam, men utlikninga i sluttminuttet var det første teiknet på at heimelaget var i ferd med å bli slitne.
Keeperdebut
GrannKam var svært nær to mål før Klebe utlikna. Målscorar Espen Vaka runda Klebe-keeperen, men ei englevakt på målstreken hindra at GrannKam fekk eit skikkeleg grep på kampen.
Vaka var for øvrig stadig frampå på jakt etter det andre målet. Junioren er toppscorar med fem mål så langt, og han markerer seg med ein meir konsentrert og målretta innsats på topp enn tidlegare.
— Det er kjekt at juniorane markerer seg på laget. Alexander Helland debuterte mellom stengene på heimebane, og han gjorde ein god innsats. Det er flott at unge spelarar taklar overgangen, seier Frank Abelseth om 16-åringen.
Ingen mottrekk
Abelseth trekkjer fram den kollektive innsatsen i laget. Men han hadde ingen mottrekk mot raske Alf Endre Stokka som stadig kom seg rundt på kanten og var årsak til dei fleste farlege situasjonane Klebe skapte. Det var ingen hyggeleg situasjon for backen Tore Christiansen å springe etter den kjappfota jærbuen.
GrannKam er framleis ganske midt på tabellen, og dei to siste kampane blir avgjerande for om laget kan ta seg ein velfortent ferie. Den første går borte mot Staal Jørpeland 2 på søndag.

4. divisjon avd. 2
Ølen stadion
GrannKam – Klebe 1-2 (1-1)
1-0 (17. min.) Espen Vaka
1-1 (44. min.) Alf Endre Stokka
1-2 (71. min.) Oddbjørn Øvsteng
Gule kort: Jarle Sjurseike og Magne Christiansen, GrannKam. Odd Ivar Nessa, Klebe.
Dommar: Ole Andreas Glette, Vard Haugesund.