Så vidt vidare i Idol

Elleve kandidatar til å bli Noreg si nye popstjerne er att. Mari Vestbø er ein […]

Elleve kandidatar til å bli Noreg si nye popstjerne er att. Mari Vestbø er ein av dei, men det var på hengande håret på fredag. Ho valde songen «Nobody´s wife» av Anouk. Framføringa var ikkje av det beste me har sett av Mari, og det straffar seg i det knallharde spelet. Songvalet fekk ho og kritikk for. «Nobody´s wife» er ein tøff song, men den er nok lite kjent for det breie publikummet til Idol. Årets deltakarar er i ein heilt eigen klasse, dermed kan songvalet og ein einaste liten feil få store konsekvensar. Mari lovar å velje songar med større omhug i tida som kjem.

Spanande tid framover
Fredag er det ny runde av Idol, og endå ein deltakar må snu på vegen mot popstjernelivet. Etter knekken på fredag, er det truleg ei meir skjerpa Mari som står på scena om ei knapp veke. Songvalet blir nok og meir gjennomtenkt. Ole Evenrud i dommarpanelet har uttala at han er svært letta over å ha med favoritten sin vidare, og han har uttala at Idol treng ein fargeklatt som Mari. Folk i heile distriktet er blitt bitt av Idolbasillen takka vera Mari og Maria. Mange av røystene som heldt Mari inne i Idol på fredag, kom nok frå vårt distrikt. Lokale stemmer kjem nok til å strøyme på så lenge den blide jenta heng med i kampen, så det er berre til å stå på vidare for Mari.